Innstrammingsillusjonen

Publisert: 2015-11-25 18:00
Del:

Det er noko med breie forlik. Dei kan vera ekte breie forlik, eller dei kan vera forlik som ikler seg hamen til eit breitt forlik, men i grunnen er alt anna enn eit breitt forlik. Med omgrepet eit «breitt forlik», skaper ein inntrykk av at partar som står langt frå kvarandre, har sett kjepphestane på båsen og greidd å skapa ei semje som har teke alle omsyn på ein slik måte at alle kunne vera med - til slutt.

Forliket om asylpolitikken i Stortinget i førre veke, som alle utanom SV og MDG var med på, er ikkje eit breitt forlik, korkje i hug eller hold. Det er rett og slett ei innstraming av asylpolitikken. Punktum og basta. Av ein eller annan grunn fann både Venstre og Krf ut at dei måtte vera med på innstramingsforslaget. Senterpartiet har, etter at den raud-grøne regjeringa tok slutt, meir og meir tona flagg som eitt av den strenge asylpolitikkens parti. Og medan asylhumanistane i AP jubla på landsmøtet i vår over at ein «streng og rettferdig» asylpolitikk skulle erstattast av ein «human og rettferdig asylpolitikk», dei må no notera tap opp og tap i mente. For sjølv han som ein gong representerte ei venstreside i AP, Trond Giske, snakkar no, som partileiaren sin, om ein «streng og rettferdig «asylpolitikk. Og i APs vokabular har «streng» i denne samanhengen i grunnen betydd at i utgangspunktet skal ingen asylsøkjar få bli. Fordi somme uansett ikkje får bli. Dette er visst logikk, om enn i strid med både Flyktningeog Barnekonvensjonen til FN.

Det er ei flyktningekrise i verda. Og vi ser ein migrasjon av dimensjonar som er ukjend for oss. Vi ser flukt frå Syria, libya, Irak, Eritrea, Afghanistan. Vi ser menneske som har gjennomlevd mange Paris-terroraksjonar, som har fått heimbyane sine bomba til inkjes. libanon knelar under ein flyktningestraum som burde få oss her oppe i høge nord til å raudna av skam når vi snakkar om flyktningekrise og meiner at den er her, hos oss. Sjølv om vi også no vert sette på prøve - på så mange vis. Vi har aldeles ikke nok mottaksplassar, og asylsøkjarar vert plasserte både høgt til fjells og elles «der ingen skulle tru at nokon kunne bu.» Asylbaronar og hotelleigarar gjer gode pengar på flyktninganes og det offentleges naud, medan små bygdesamfunn kjenner seg overkøyrde av staten og invaderte av det mangeduble av menneske av det som byr i bygda. Og imedan har regjeringa slept føtene etter seg mens Frp har køyrt solo og sett statsministeren og hennar famlande forsøk på initiativ i forlegenhet. Frp mislukkast med innvandringskortet i valkampen. No lukkast dei med å fortelja kor gale det kjem til å gå i og med Noreg på grunn av flyktningestraumen. Ja, dei lukkast. Både Siv Jensen og Per Sandberg kan glisa over byksa Frp gjer på meiningsmålingane. At dei med skrekkscenaria sine gjer liva endå vanskelegare for tusenvis av menneske, det har aldri betydd noko for Frp-leiarane. Aldri. Ikkje når ikkje menneske kan rekna stamtavla si attende til Harald Hårfagre. Det er skilnad om oss og dei, må vita. FrP må på norsk jord vera Daesh sin draumemotstandar nett no, sjølv om det i bekmørke grupper på nettet endeleg finst dei som er meir ekstreme. Og dei er ikkje berre aparte, dei er ordentleg ekstreme og går inn i ein slags kakafoni av ulike grupper som alle meir eller mindre ber høgreekstremismens kjenneteikn.

Det er her og no, i denne situasjonen, at Høgre, Arbeidarpartiet og så dei tre sentrumspartia finn det for godt å finna saman i eit slags strengsheitsregime som skal gjera det vanskelegare for folk å koma hit - og verre å vera her. For det står ikkje til å nekta at mange av dei som kjem no, dei kjem til å få bli. Fordi dei fyller vilkåra for å få asyl. Tenk det, så enkelt, om enn ikkje bagatellmessig. Og det er i denne situasjonen at asylpolitikkens jarntriangel, Høgre, AP og Frp rir igjen - saman. Det verdikonservative, humanistiske Høgre, kor er det? Ikkje veit eg. Inge lønning og Francis Seiersted finst ikkje meir, og etterkomarane er umoglege å få auga på. Arbeidarpartiet klistrar seg på nytt opp til Frp - for å avverja veljarlekkasje, veit eg. Det er korkje humant, humanistisk eller anstendig, om du spør meg - men så har då også makt, og makt uansett, vore ei leiestjerne i partiets lange historie.

Det vi er vitne til ved det såkalla breie forliket i Stortinget, er eit panikkarta, kortsiktig innstramingshysteri, som SV-leiar Audun lysbakken har kalla det. Det som trengst no, seier lysbakken, er ikkje streng symbolpolitikk, men realistisk integreringspolitikk. Fordi, til dømes, minst 75% av asylsøkjarane som har fått søknadene sine behandla så langt i år har fått opphald i Noreg.

Ein realistisk integreringspolitikk må innebera både plikter og rettar, for flyktningane som for oss som allereie er her. Dei nye må læra seg norsk, men då må dei også få høve til å læra seg norsk - og då høyrer det ingen stad heime å kutta ned på midlar og timetal til norskopplæring. Flyktningane må busetjast i alle delar av landet. Alle. Og då skal vi hugsa på at Vinje i Telemark, noko av det mest grisgrende vi har av kommunar, fekk busetjingsprisen for integreringa av somaliarar for berre få år sidan. I år fekk Tinn kommune landets fyrste varaordførar med flyktningebakgrunn, Sanja Pasovic frå SV. Dei som får bli, dei må bli ein del av «flokken», som Per Fugelli kallar det. Segregasjon og skilje tener ingen. I min ungdom var det «nordlendingane», dvs. Folk nordfrå, som ikkje var ynskte i Oslo, så kom pakistanarane ......og seinare mange andre.

Dei harde fakta seier at integreringa i stort går godt i Noreg. Born av innvandrarar tek høgare utdanning til dels meir enn born av etnisk norske foreldre. Til dømes. Men kva trur fleirtalspartia på Stortinget det vil hjelpa på integreringa å gjera familiegjenforening vanskelegare? Eller å gjera opphald midlertidig inn i det som vil opplevast som det uendelege? Og kvifor skal folk haldast i passivitet i mottak, eg hadde så nær sagt langt over tregrensa? Ikkje eingong born skal få høve til ein meir meiningsfull kvardag.

Dagpengane i mottak er allereie foreslått kutta av regjeringa, no skal ytingane til familiar som får bli også kuttast. Framtidsfrykt, isolasjon og fattigdom blir resultata av ein slik politikk. Dette er oppskrifta på segregering, parallellsamfunn og utanforskap. Med helsing H, Frp, Ap, SP, V og Krf.

Politikken som vert ført i dag, vil visa konsekvensane i morgon, dvs. når våre unge og born vert vaksne. Det er no vi tek imot menneske på flukt. Vi får ikkje ein ny sjanse til å møta dei på ein annan måte seinare. Det er no vi inviterer dei nye til å bli med i den norske fellesskapen - eller ikkje. Mykje står på spel, for dei som kjem, for oss som er her, og for våre alles etterkomarar.

Det vi skulle ha hatt i Stortinget, var ein brei avtale som sørgde for at dei menneska som vil få bli her i landet, fekk behandla søknadene sine raskt, at vi innførte eit mottakssystem som fekk folk raskt ut av mottak og ut i ein kommune, som gav rett til barnehage til borna, høve til arbeid for folk som ventar - og ei langt betre norskopplæring. Det «breie» forliket i Stortinget gjer absolutt ingenting av dette. Det mest alvorlege er kanskje ikkje illusjonen forliket gjev om at vi nærast kan ekspedera folk ut av Noreg. Det mest alvorlege er at dei som får bli og skal bli ein del av samfunnet vårt i generasjonar til å koma, dei vert hindra i nett det - av eit såkalla breitt forlik på Stortinget. I dette forliket har ingen, absolutt ingen vist det som trengst av nasjonal leiarskap. Det kjem til å bli dette forlikets ettermæle når historia ein gong skal skrivast.