Landet som enno ikkje er

Publisert: 2015-11-19 11:00
Del:

Fredag den 13. kom med terror – til Paris, byen for «Fridom, likskap og bror- skap», det som vår grunnlov og mange andres kviler på. To dagar før hadde Beirut vore utsett for terroråtak, og vi veit at dei som flyktar frå Syria, dei flyktar frå nærast daglege terroråtak. Så er vi slik skapte, vi menneske, at det som er nært, det tek oss ekstra hardt. Difor lyste Ishavskatedralen i Nordens Paris, Tromsø, i trikolorens fargar, og masta på Ulriken det same.

Eg skal ikkje gje meg ut på nokon analyse av terroren, av bakgrunn eller følgjer. For somme gonger kjennest alle ord oppbrukte, i alle fall dei vanlege orda. Men heilt sidan fredag har eg omatt og omatt lese nokre dikt av den store poeten Åse Marie Nesse frå samlinga «Men du syng, Irina» frå 1986. Kanskje du også kan finna noko i desse dikta?

Viljen

Det går ein vilje gjennom verden
Den tvingar Negevs ørken
til å bløme
Den får korn til å gro i Katmandu
Den vatnar fire tulipanar i Narvik
Den syg honning av
Winnipegs prærie
Den fargar bjørkeskogen
grøn i Sibir
Den finn røde skattar
i Sierre Nevada
Den tiner Vatnajøkull
millimetervis
Den lokkar fram
vindruer i lavastein
Den let tørstande
palmar bere frukt
Den sår solsikkefrø mellom tistlar
Den spinn silke av
bølgeblekkdraumar
Den set ut garn på
tusen famnars djup
Den er rødstrupens
song blant kanonar
Den held mennesket
oppreist i motvind

Men du syng

Og dei henta deg seint i september
Og dei reiv opp ditt liv med røter
Og dei murte sommaren inne
Men du heldt fram med å synge

Og dei røva din blømande ungdom
Og dei raka ditt hovud og hånlo
Og dei kledde deg i sekk og aske
Men du heldt fram med å synge
Og dei låste di dør med sju segl
Og dei slo av himmelens sol-omn
Og dei sløkt måne og stjerner
Men du heldt fram med å synge

Og dei saga opp dagen i bitar
Og dei gav det mørket å ete
Og dei gav deg mismot å drikke
Men du heldt fram med å synge

Voggevise for Irina
Det syng inni mørket:
Ver trygg, vesle jente,
Babusjka, Babusjka
skal vakte og vente.

Det søv ei prinsesse
på ingen dyner.
Men edderdun flagrar
i spindelvevsyner.

I svartskogen tassar
den raggete bjørnen.
Mot blåaste blånen
stig kongeørnen.

Når torever trugar
må rosene røme.
Til våren, til våren
skal villblom bløme.

I Kaspiske havet
går strie straumar.
Den duvande båten
har segl av draumar.

Og natta er framand
og natta er farleg.
Babusjka, Babusjka
skal vogge deg varleg.
(Babusjka: Russisk for bestemor)



Fridom

Fridom er meir
enn faner i vind,
meir enn fest
ved ei open grind.
Fridom er meir
enn å vinne slag,
meir enn fråvær
av nederlag.

Meir enn og vedtak
om våpenstans
meir enn ære
og laurbærkrans.

Fridom er meir
enn roser og brød,
meir enn motet
til kamp og glød.

Fridom er sol
over frosen jord,
den milde styrke i skapande ord.

Fridom er bandet
i bruers spenn,
den gode vilje
frå venn til venn.

Fridom er
vørdnad
for menneskeverd,
fridom er tillit
på ukjend ferd.

Fridom er sandkorn
silt mellom sand,
og lette steg
på ei steinet strand.
Fridom er havet
og skip og hamn,
fridom og kjærleik har mange
namn.

Og til sist, dette, for meg sjølvaste Diktet:

Landet som ennå ikkje er

Kvar finst terrenget
som stemmer med kartet

Kor mykje støv
må vi virvle opp på slagne
landevegar

Kor mange dalbotnar
må vi forsere

Kor mange oppoverbakkar
må vi legge bak oss

Kva for fjellovergangar
må vi passere
før vi kan nå det landet
som ennå ikkje er



Takk til deg som har fylgt meg verseline for verseline – og som gjerne vil lesa eitt eller fleire av dikta omatt. Det er sprengkraft i poesi, det er forsoning, det er kamp og rettferds vilje i stor poesi. Dette er poesi som ikkje går ut på dato. Ikkje no heller.

Oddny Miljeteig
(Opphavleg publisert i BA 18 Nov 2015)