Klimaskifte i Bergen!

Publisert: 2015-09-09 11:00
Del:

Fire år er lang tid for dei aller fleste av oss om ein berre tenkjer godt nok etter. På fire år er nesten den nyfødde skuleklar, og den trøytte 15 åringen din er klar for universitetet. Eller kanskje du har vorte sjuk - og frisk att på desse fire åra? Fire år er lang tid, men kortare tid enn Høgrefolka let deg sjå på reklameplakatar på fortaua.

Fire år er lenge for alle dei som mistar pusten kvar vinter under Høgre-lokket, dei klimatiske forholda og Høgrestyret går ikkje godt i hop. Ein treng eit klimaskifte i Bergen, bokstaveleg og biletleg så å seia!

Og det fyrste klimaskiftet må me ta for, ja nettopp, klimaet. Bybanen skal gå i dagen og vere tilgjengeleg for folk - og på Bryggen og heilt til Åsane. Bussen skal fram og bilen tilbake. Frisk pust erstattar eksos – klarer ein det på fire år? Ikkje med borgarleg styre! 3 gonger 4 syner oss at SV kan gangetabellen og at Høgrebyrådet ikkje kan telje korkje pengar eller bilar. For å seie det med den amerikanske historikaren Henry Adams: «Praktisk politikk er kunsten å ignorere fakta».

3 gonger 4 år med høgrestyre har synt oss at anstendigheit, raushet og sut for andre enn seg sjølve, både kan lærast og av lærast. Høgrebyrådet har kutta sosialhjelpssatsane med 40 millionar kroner samanlikna med 2003-tal. Det er mykje for dei det gjeld, særs mykje. Fattig-Bergen er ein realitet, og høgresida legg stein til byrden. Dei knip til og med inn på avlastinga for pårørande med svært funksjonshemma born, samstundes som dei har nerve til å prate om valfridom!

Det er kutt til dei svakaste, og sugerøyr til dei rikaste. Høgresida har privatisert tenester og nytta konsulentar og vikarbyrå slik at pengane har runne or bykassen til finansbaronar og skatteparadis. Og det kostar. Det kostar mykje meir enn du trur. Bergen kommune brukte i 2014 22 millionar kroner meir på leige av helsepersonell frå bemanningsbyrå enn dei ville gjort med eigne tilsette. Det syner ein rapport som DeFacto har utarbeida for Fagforbundet i Bergen. 22 millionar – det er pengar det og!

Politistatmetodar mot byen sine rusavhengige er blitt kvardags. Menneske som deg og meg vert bortvist frå sentrum, for turistane kan sjå nauden må vite. Her skal byen visast fram, som eit glansbilete, klistra over sprekkane som berre vert større og større for kvart år.

Det vert ikkje enkelt for dei folkevalde som arvar konkursbuet til Høgre og Frp i Bergen. 15 milliardar i gjeld og aukande. I tillegg er alt laust selt til spottpris til private. Høgre og Frp har i så måte gjeve botnline ein ny definisjon. Med dette som bakteppe veit me i SV og; at i dei blå budsjetta er alltid dei same gruppene som tapar: dei aller eldste, dei aller yngste - og dei mest hjelpetrengjande. Det er heilt utruleg kor treffsikre Høgre og Frp er i så måte. I år som i fjor - og året før der og året før der… Og med god hjelp frå Erna og Siv. Frå den kanten kjem det ein svakare kommuneøkonomi, kutt i barnestønaden til uføre føresette, og kutt i skatterekninga til høgresidas beste vener. Solidaritet på frysepunktet - i rett line frå regjeringskvartalet til 14. etasje i Bergen rådhus.

SV veit at alle klimaendringar er menneskeskapte, i motsetnad til finansministeren som Venstre og KrF har innsett. Men det tyder og at me kan gjere noko med det. SV går i front for eit politisk klimaskifte i Bergen og verda!

Dei ufattelege bileta som dagleg strøymer inn over oss frå katastrofane i Middelhavet, bilete av born og vaksne som døyr i desperat flukt frå krig i Syria og Libya. Den største flyktningkrisa sidan 2. verdskrigen er eit faktum. Nesten 60 millionar menneske er på flukt. I solidariteten og humanismen sit namn skal Noreg og Bergen ta i mot fleire enn smålege kompromiss i stortinget legg til grunn.

Bergen har lange tradisjonar som ein solidarisk by. Me har alltid vore dei som har gjeve husrom. Etter Kosovo krigen tok Noreg mot 12 000 flyktningar utan forhandlingar og prissetjing? Kva har me mista desse 15 åra som nasjon?

Den norske grunnskulen er no gjennomsyra av testar. Nasjonale prøvar og PISA er ikkje nok. Oslo-skulen kjem ikkje berre snikande, men trampande over fjellet. Ein reindyrka puggeskule skapar sosiale skilnader. For om det einaste du har er ein hammar, ser alt ut som spikar. SV går til val på å føra leksene inn i skuledagen med lærarar som kvalifiserte leksehjelparar. Skulelekser i staden for heimelekser vil gje borna meir fritid, og attpåtil gjere skulen meir rettvis.

Me vil at Bergen på 4 år skal bli byen som knekte heiltidskoden. Damer skal arbeida i heile stillingar, til ei løn å leve av og ein pensjon å sjå fram til. Damer skal styra byen, ikkje vere underhaldning for pengesterke mannslingar. Om fire år er strippeklubben «Dreams» berre eit vagt minne.

Me skal stogge privatiseringa, og byrje ein sakte, men tydeleg marsj tilbake til den gongen kommunen sjølv tok ansvar for tenestene sine, og ikkje overlèt innbyggjarar og tilsette til den råaste kapitalismen som finst, utbytting av born og eldre til fordel for kontoar i skatteparadis.

Stoppeklokketyrraniet i eldreomsorga skal erstattast av eit styre som veit at det er 60 sekund i eit minutt og 60 minutt i ein time, men som veit at det er omsorga ikkje minutta som skal vektast. Det handlar om tid, for god omsorg tek tid. Tilsette og eldre må saman få fridom og tillit til å finne dei beste løysingane.

Vert hjelpa frå det offentlege rigid, stadfester det avmakta og vanmakta den einskilde kjenner på. SV meiner at kommunen må gje hjelp som stør oppunder livskvalitet og evna til å handla i eige liv.

Til slutt; det er ingen vits å justere kursen om ein havnar same plassen som Høgre til slutt – SV sitt krav til nytt styre i Bergen er eit nytt mål, berre på den måten kan ein få til ein varig endring. For vår by treng ikkje berre ei ny leiing, vår by treng ny politikk.

Oddny I. Miljeteig - opprinnelig publisert i BA 9. sep 2015