Den raude fare

Publisert: 2015-01-02 11:00
Del:

Nei, du treng ikkje bli redd. Det er berre meg, den vanlege onsdagsspaltisten. Seksti og eit halvt og vel så det. Men eg er visst ein del av noko eg merkar blir snikframført eller direkteframført frå høgresida etter som dagane går. Og høgresida i Bergen no er Høgre, Venstre og FRP, og då har eg skrive dei i rekkjefylgje frå venstre mot høgre. Ei kjerring frå fagrørsla kjenner sine motstandarar som lusa på gangen. Og Venstre er det partiet som i uvakta augneblenk ufrivillig viser det som kan sjå ut som eit hat mot fagrørsla. Det er visst slik at fagrørsla, især LO, utgjer eit trugsmål mot einskildmennesket og den individuelle fridommen – og i alle fall bryr ikkje LO seg om dei små bedriftseigarane, dei som Venstre framhevar som hjarteborn.

Venstre har gløymt ut at dei er eit sentrumsparti med radt radikal historie og definerer seg som eit reinhekla borgarleg parti – på lag med Høgre og FRP. Eg plar kalla dei Vetle-Høgre og synest det passar betre og betre. Men Venstre hadde jo ikkje vore Venstre om ikkje dei hadde gått ned i spagat når dei ser korleis vinden synest å blåsa, den politiske vinden altså. Så no har eg sett Venstre, eller Vetle-Høgre nærast by seg fram til Arbeidarpartiet – fordi eitkvart byråd visstnok blir automatisk betre dersom Vetle-Høgre sit ved bordet på makt-taburettar. Men dei held seg litt for nasen og passar på å seia at dei er eit borgarleg parti. Det viktigaste er likevel, skjønar eg på 1.kandidaten deira, å halda venstresida vekke frå maktposisjonar. Ja, og helst kutta banda til fagrørsla også. I Venstre (altså Vetle Høgre)-retorikken er det like før vi anar ein eim av gammalt kommunist-spøkjelse og slektskap med Håkon Lie då han var på sitt verste i så måte. Det er litt ekkelt, synest eg, at ikkje Venstre kan halda seg for gode til å prøva å kjeltringgjera eit høgst demokratisk venstresideparti som SV. Vi som har ord på oss for å vera så demokratiske at vi stundom minner meir om eit seminar enn eitt parti. Men for Vetle-Høgre er vi altså den raude fare som for einkvar pris må haldast unna eit politisk fleirtal i bystyret, for ikkje å snakka om byrådsmakt. Og det seier altså søndagsopne-Venstre!

Den raude fare. Kva handlar den raude fare om, eigentleg? Kanskje dette:

Det er ikke langt unna. Det er like nært som en kaffekopp.
Jeg skulle bare kjøpe en kopp kaffe. Hun som sto i kassa pekte på t-skjorta mi med SV-logo og sa: Vi liker dere. Vi kommer fra Palestina, skjønner du.
Så hyggelig, sa jeg. Hvor i Palestina kommer dere fra?
Familien vår kommer fra Hebron, men nå bor de i Syria.
Det ble stille.
Syria, sa jeg. Er de der nå?
Ja, sa hun. Stemmen sprakk.
Så kunne vi bare grine.
Å håpe at familien hennes kan komme hit er en svart pil i natta. 8000 på tre år.
Jeg tenker at jeg virkelig ikke har lyst til å bli rikere.
Jeg vil bare ha litt mer verdighet. Litt mer anstendighet. Litt mer håp. Vi har råd til det.

Forfattaren heiter Guri Riksaasen, er SV-kandidat til bydelsutval i Oslo, jobbar i Kyrkja og er med og fremjar Open Folkekyrkje. Partileiaren hennar heiter Audun Lysbakken og er ein av dei særs få europeiske parlamentarikarane som har reist til Hellas for å sjå den største flyktningekrisa etter andre verdskrig med eigne augo. Han er den einaste norske parlamentarikaren som har reist – midt i kommunevalkampen. Fordi kommunevalkamp ikkje handlar om å vera seg sjølv nok. Fordi Noreg ikkje må vera seg sjølv nok. Fordi Bergen ikkje må vera seg sjølv nok. Fordi det er inhumant juks når norske kommunar har kvitvaska det som ein gong var FRP-retorikk: Vi kan ikkje ta imot fleire – vi må integrera dei vi har skikkeleg fyrst. Og det siste: Vi må hjelpa dei der dei er. I krigssoner i Syria, Irak, Libya. I krigssoner som har vorte krigssoner ikkje minst ved Vestens medverknad. I lengre historisk lys: Land med rette grenseliner som Europas kolonimakter ein gong drog. Men no er dei altså her, i Europa – sjølv om Carl I. Hagen vil snu båtane og senda dei attende. Og Per Sandberg spelar brungrumsregisteret sitt i full breidde, men rømde frå debatt med Audun Lysbakken.

Stortingsfleirtalet om å ta imot 10.000 syriske flyktningar vart devaluert til 8.000 over tre år, og det er snilt sagt. I oljeriket verkar det som om det er norske kommunar som er offera for flyktningekrisa i Syria, Irak og Libya. No har Angela Merkel brukt vit og sagt at Tyskland ikkje skal nytta Dublin-avtalen til å senda syriske flyktningar attende til fyrste Schengen-land dei sette fot på. Noreg derimot, vi sender attende: born til Afghanistan. Og vi har visst innført arvesynda som norsk rett: Har bestefar din loge om opphavsland, så skal far din sendast heimatt, såkalla.

Den raude fare, altså SV, kunne ikkje gå med på at Stortingsfleirtalet devaluerte talet på syriske flyktningar. Det fall devalueringspartia tungt for brystet.

Her i byen kjempar den raude fare ein seig kamp for levelege sosialhjelpssatsar, for at kulturskulen skal vera like tilgjengeleg for alle born, for at alle utan omsyn til inntekt skal kunna nyta kulturopplevingar, for at born skal få attende barndommen sin gjennom å flytta leksene frå heim til skuletid, for at det skal verta nasjonale normer for lærarar og bemanning i eldreomsorga (slik at staten gjer opp for seg overfor kommunane). For å nemna noko. 40 millionar har Høgrebyrådet redusert sosialhjelpssatsane med samanlikna med 2003-tal. Medan dei borgarlege partia jamvel vil ta vekk det vesle klestillegget som sosialhjelpsmottakarar får ytt etter 13 månader på sosialhjelp. Og dei tok vekk 80%-regelen for uføretrygda minstepensjonistar. Og dei forhindra Karina Harkestad frå å få utveksling ved prestisjetunge Berkley-universitetet i USA – fordi ho sit i rullestol og treng personleg assistent. Og dei har slite ut pårørande til sterkt funksjonshemma born ved å knipa inn på avlasting. Dei har privatisert tenester og nytta eksterne konsulentar og vikarbyrå slik at pengane har runne or bykassen og til finansbaronar og skatteparadis. Dette vil den raude fare ha ein slutt på. Mellom anna. Vi vil ha luft som ein ikkje vert sjuk av å pusta i også. Det er tydelegvis fårlege saker for Vetle-Høgre og det eigentlege Høgre. Sistnemnde er no så skrekkslagne etter dårlege meiningsmålingar at Peter Frølich frå Stortinget har funne ut at Høgre må læra av Raude fare-Audun Lysbakkens sluttspurt i stortingsvalkampen for to år sidan. Det må eg seia!

Den raude fare vil at Bergen skal stiga fram som ein raus, framtidsretta og humanistisk by. Difor er vi visst den raude fare. Men på «Del godene»-vis skal eg gje Høgre-Frølich eit heilt gratis råd: Bergen SV-leiar Gina Barstad er ikkje berre lokallagssjef, ho bakar også SV-muffins til valboden. Kom an, Høgre, lær av den raude fare: server heimebakst til folket – det er ikkje det same med kjøpebollar, veit de, sjølv om de endeleg har råd til det! Det kan vera i kjærleiken i heimebaksten at løyndommen ligg, men pass på at Høgre-baksten ikkje kjem ut som SV-muffins. Det er aldri godt å vita med den raude fare!

Oddny I. Miljeteig