Tillit og kjærleik i profesjonell omsorg

Publisert: 2015-08-26 11:00
Del:

Du tenkjer eg er sentimental eller SV-tantesk når eg knyter saman omgrepa kjærleik og profesjonell – og attpå til lesser på med tillit? Min påstand er: Det er eg ikkje. Og viss eg er, høyrer like fullt tillit og kjærleik heime om profesjonell omsorg skal vera nett – omsorg. Dette er ei av valkampens viktigaste saker – men det er tyst og stille frå høgresida og sentrum i Bergen, det eg kan sjå og høyra, ufrivillig på sidelina. I staden er vi i media vitne til eit slags «slapstick-teater» der ulike parti spring ut og inn av dører og snakkar om kven dei vil sitja i byråd saman med. Spesielt i sentrum driv dei på med den slags – og gjer politikken til eit maktspel meir enn til kappestrid om politikkens innhald og dei viktige sakene. Det er altså to og ei halv veke til valdagen no – og ikkje ein lokalpolitisk variant av Big Brother eller Farmen eller kva det no dei heiter alle saman.

Det mest iøyrefallande er stilla om eldreomsorga, eller la oss seia i det heile omsorga for hjelpetrengjande medborgarar. Det pla vera FRP sitt glansnummer, toppa med innvandringsfrykt-frieri til brungrumset i folkedjupet når det røynte på. I år snakkar ikkje FRP om eldreomsorg, ikkje her i byen og ikkje andre stader. I staden driv FRP kampanje mot at Noreg skal ta imot naudlidne flyktningar, frå visestatsminister Siv Jensen og utover og nedover i kommune-Noreg. Det er sjølvsagt fordi FRP ikkje har gjort jobben sin for eldreomsorga. Ikkje som regjeringsparti, ikkje som del av byrådet i Bergen eller Oslo.

SV er kjent som barnehagepartiet. Eitt av våre fyrste slagord var «Daghjem for alle» - og med Kristin Halvorsen som finansminister fekk Noreg langt på veg full barnehagedekning. Regjeringa Solberg reverserer og aukar maksprisen og tek vekk pappaperm-veker, men rasera skikkeleg torer dei ikkje. Dei kommersialiserer, slik dei også gjer i eldreomsorga, og Wallenbergfamilien og internasjonale storselskap håvår inn pengar somme av dei saltar ned i skatteparadis – frå både barnehagar og eldreomsorg.

Eg har alltid hatt eldreomsorga som ei hjartesak. Og SV og eg innser at vi må gå i front for ei human og kjærleg eldreomsorg for å gjera ende på stoppeklokketyranni og trua på at det prinsipielt er det same å «produsera» velferd og omsorg som å produsera spikar, slik regjeringa skal ha det til i si plattform.

Eldreomsorga må vekk frå kommersielle vikarbyrå, frå talfesting og normtider for kvar einaste del av omsorga, det vere seg heimesjukepleie, heimehjelp eller tenester for menneske med funksjonsnedsetjing. Livet må aldri fragmenterast i matematiske storleikar – for mennesket er uendeleg meir samansett enn som så!

Ved å tidfesta ned til minste detalj kor lang tid ulike oppgåver i ein heim skal ta, kvantifiserer ein tenestene på ein slik måte at det vert mogleg å privatisera dei. Stoppeklokka ber språket til masseproduksjonen, slik eg nett viste ovanfor. I botn ligg bestillar-utførarmodellen (innført i Bergen kommune med Arbeidarpartiet i front på 90-talet) og prinsippet om at bestillar/forvaltar må skiljast frå utførar. Men er det ikkje logisk at til dømes ein heimehjelpar skal kunna ha innverknad på innhald og omfang av heimetenestene? Kven kjenner den hjelpetrengjande sine behov betre enn dei som yter tenester i kvardagen? Har ikkje relasjonen mellom hjelparen og den hjelpetrengjande ein verdi? Er relasjonen mellom hjelparen og den hjelpetrengjande den same som mellom arbeidaren og spikaren arbeidaren masseproduserer?

I København har dei, ved sosialborgarmeistaren frå Sosialistisk Folkeparti, søkt seg over til ein annan måte å driva omsorgstenester på. Stoppeklokka er kasta. I staden satsar København på gruppeorganisering av dei tilsette, slik at dei vil nå over det dei skal på ein dag – med fleksibilitet ut i frå dei hjelpetrengjande sine behov. Og det går an. Med suksess! Men bystyrefleirtalet i Bergen ville slett ikkje prøva ut nokon liknande modell då SV foreslo det – støtta var å finna på venstresida, som diverre ikkje har fleirtal.

Dei har noko anna også i København: Eit klippekort med tid som den eldre kan spara opp og sjølv heilt åleine bestemmast kva som skal brukast til. Det vil heller ikkje noverande bystyrefleirtal ha. I staden insisterer dei på at «fridom» for den einskilde er å kunna velja tenester frå kommunen eller diverse firma. Kva livsfridom vert det av slikt?

Alderdom og vanhelse avgrensar fridommen til den einskilde av oss. Vert bistanden det offentlege yter rigid, stadfester det avmakta og vanmakta den einskilde kjenner på. SV meiner at kommunane må makta å gje hjelp på ein slik måte at vi stør oppunder livskvalitet og evna til å handla i eige liv. I Københavnmodellen parkerer dei prislappsamfunnet og produksjonsomgrepet og gjer heilheitleg omsorg til regelen, ikkje til eit avvik. Det å gjera noko utanom det planlagde er ikkje feil, men godt fagleg skjøn og samhandling med den hjelpetrengjande. Ingen dag er lik for nokon av oss, heller ikkje for medmenneske med skrøpeleg helse. Difor må hjelpa og tenestene også variera.

Vi må sleppa tillit og kjærleik fri i omsorga for våre hjelpetrengjande! Det vil gje eit godt fagleg skjøn og ein annan relasjon mellom den som yter og den som får hjelp. Og ein botnplanke må leggjast: Det må bli fleire tilsette i omsorga. Det kjem heller ikkje FRP og Høgre vekk ifrå, dei som i staden har brukt pengar på skattelette for dei rikaste. SV meiner vi no ikkje kjem unna ei nasjonal bemanningsnorm – det er einaste måten å få staten til å gjera opp for seg og ikkje lessa nedskjering på kommunepolitikarane. Dertil må vi bruka vikarbudsjetta til å tilsetja fagfolk i faste, heile stillingar – det vil garantert auka kvaliteten i alle omsorgstenester!

Og så var det kjærleiken, den vakraste gåva menneska er gjevne. Vi må organisera våre omsorgstenester slik at vi fremjar gode relasjonar, ja endåtil kjærleik mellom dei som yter og dei som får hjelp. Legg vi ikkje til rette for kjærleik i tenestene, viser vi at vi set likskapsteikn mellom velferdstenester og spikarproduksjon, slik regjeringa og byrådet gjer. Byggjer vi tenestene på tillit til fagfolka og respekt for den einskilde mottakars varierande livsbehov, ja, då ligg kjærleiken der, som ein blom til å springa ut. Det er ikkje uprofesjonalet eller sentimentalt SV-tantevas. Det er humanisme. Reinhekla humanisme.

Oddny I. Miljeteig