Rull ut den raude løparen!

Publisert: 2015-08-19 10:30
Del:

Skulestart – finst det noko med meir felleshistorie over generasjonane? For 54 år sidan byrja eg på skulen, og mamma tok bilete av meg med ny skulesekk. Dei siste par dagane har eg sett sosiale media fløyma over av dagens fyrsteklassingar med ny skulesekk, med forventningsfulle augo, sommarfuglar i magen. Alle har dei denne vissa til felles: Dei står på startstreken til ein ny epoke i livet. Som foreldre og besteforeldre, ja, som heile samfunnet, ynskjer vi så inderleg at alle småttane skal få oppleva læringsglede, godt sosial samvær og utvikling – til «gagns menneskje» som det heitte den gong då i Mønsterplanen.

Skulen er ein stor del av livet til born og unge. Med heimeleksene varer skuledagen like inn i pyjamasen og tannpussen. I går tidleg høyrde eg om Møhlenpris skule, som no skal prøva ut prosjekt med skulelekser, ikkje heimelekser. Eg høyrde mamma Synnøve Fluge fortelja at heimelekser kunne trekkja ut og bli fylgde av gråt og ulyst – kor mange av oss kjenner oss ikkje att?

Det er eit spennande prosjekt Møhlenpris skule no set i verk på foreldra sitt initiativ. SV går til val på å føra leksene inn i skuledagen med lærarar som kvalifiserte leksehjelparar. Ein føresetnad for ei slik ordning er færre elevar per lærar, ikkje fleire enn 15 for 1. - 4. trinn. Kan skulelekser i staden for heimelekser vera med på å gje borna fri tid, fri leik – fridomsopplevingar attende? Kan born og foreldre få eit heilt anna samver med mindre press saman på ettermiddagstid? Kan gater og friareal igjen bli befolka av born i fri leik på ettermiddagstid? Er det ikkje verd eit forsøk?

Til grunn for heile skulesystemet må liggja respekt for barndommen og barnet som barn. Det er nummer ein. Og nummer to er like viktig: Til grunn for all opplæring i skulen må liggja lærarens kompetanse som barnekunnig læringsekspert, med engasjement og kjærleik for sin jobb og sine elevar. Slike lærarar er Bergensskulen, og heile skulen, full av. Tenk no berre på skulane i byen vår, helsefarlege, til nedfalls, soppbefengde og med roteskader opp stolpar og ned veggjer: Likevel presterer elevane i Bergensskulen godt på desse testane som skal samanlikna med born på andre skular og i andre kommunar. Det finst berre eitt svar på kvifor det kan vera slik: Bergens lærarstand er juvelar! Dedikerte, engasjerte, kunnskapsrike. Gode i jobben sin. Strålande i jobben sin!

I dei seinare tiår har skulen tidvis hatt preg av å vera ei politisk og ideologisk slagmark, og når dei lange historias liner skal skrivast, vil slett ikkje alle såkalla «reformer» bli karakteriserte som framtidsretta. Allereie varslar fråfallet i vidaregåande skule oss om at ulike politiske fleirtal har konstruert ein skule som slett ikkje gjer at alle får utfalda seg med sine evner og eigenskapar. Kunnskap har vorte synonymt med teori, og det kjem eg aldri til å tilgje Gudmund Hernes. Sjølvsagt ikkje han åleine, men for ein premissleverandør og gjennomførar!

«SV-skulen!» bles høgresida i nasa tiår før nokon SV-statsråd tok sete i Kunnskapsdepartemenet - «SV-skulen!» SV-skulen, slik eg skjønar det, var det motsette av puggeskulen, det var elevdemokrati i lange banar, det var lærarar med langt hår, og fotformsko, utprega demokratisk sinnelag og praksis – og ingen krav til elevane om noko som helst.Visst. I alle fall så himmelvidt frå PISA-skulen som ein berre kunne koma!

Den norske grunnskulen no er gjennomsyra av testregime. Nasjonale prøvar/PISA er ikkje nok. Oslo-skulen har utarbeidd sitt heilt eigne regime, Bergen stabbar etter – og mange andre med. Og så er det om å gjera å offentleggjera resultata av prøvane – slik at ein kan rangera skular og elevar i forhold til kvarandre. Kva i verda slags menneskesyn er det som ligg i botnen for denne slags? Avisene får sine overskrifter – og det heile verkar effektivt og målbart. Barnehagen er i ferd med å bli så skuleprega at barndommens særpreg forsvinn, til dømes ved å dela borna inn i forskingsgrupper, slik eg såg kunnskapsministeren bejubla på fjernsynet her om kvelden, i ein Espira-barnehage. Espirabarneagane høyrer forresten til dei kommersielle aktørane som har laga seg ein sinnrik selskapsstruktur som fører millionvis av kroner vekk i frå det som skulle vera investeringar i borna til velferdsprofitt. Pengar til kommers er pengar robba frå borna. Og forresten: Den vesle godklumpen som fekk seia sitt på TV, han likte best å vera ute og leika.

«Eventyr er viktigere enn tester» skreiv dosent Hilde Traavik i BT 18. juni. Ho fortalde anekdoten om mora som oppsøkte nobelprisvinnaren Albert Einstein for å få råd om korleis ho skulle hjelpa sonen sin til å bli flinkare i matematikk. «Les eventyr for han,» svara nobelprisvinnaren. «Det gjør jeg», sa moren, «men hva kan jeg gjøre for at han skal bli enda flinkere?» «Les enda flere eventyr!» sa Einstein. Dosent Traavik samanliknar tidlegare høgtlesingstime om fredagen, den elevane trudde var «kosetime», men som eigentleg var beste sort norskundervisning. Den er no, seier Traavik, erstatta av ein fredagstest, eit biprodukt av nasjonale og andre prøvar. Denne fredagstesten ber preg av å vurdera isolert detaljkunnskap, ikkje om elevane har forstått. Med det risikerer ein at elevane vert oppdratt til å bli «pinsettlesarar», som ikkje lærer seg å reflektera eller sjå heilskapar og samanhengar. «Når kunnskapen kvantifiseres og blir gjort til sammenlignbare tall, og elever år etter år får 3/10 rette, gjør dette noe med elevenes selvbilde», siterer Traavik førstelektor ved Senter for leseforskning, T.F. Hoem.

«Elevene lærer ikke mer av å bli testet. Men de kan miste lysten til å lære..... Ikke alt som teller, kan telles! Det er på høy tid å redusere omfanget av tester og prøver, og slik legge til rette for at elevenes helhetlige utvikling blir stimulert; at de får utvikle seg til «gagns mennesker», konkluderer dosent Hilde Traavik.

Eg kjenner at ho treffer spikaren så inderleg på hovudet. Eg skulle ynskja det var dette han skriv om i si nye bok om skulen, nestleiar Trond Giske i AP også, no når han skal gje partiet sitt ei slags oppreising for det dei ikkje fekk gjort i den raud-grøne regjeringa. Det er å vona på for mykje, skjønar eg, sjølv om den strategiske Giske prøver å høyrast ut som ein kopi av SVs kamp for fleire lærarar i skulen og endå noko til. AP får utvikla sin eigen politikk. Eg skal ikkje hiva skit.

Det eg vil konkludera denne spalta med er å ropa eit rungande tredubbelt hurra for lærarane i Bergensskulen som held fast på sin profesjonalitet og kunnskap om born som sjølvstendige menneskje – tvers igjennom testregime og målesystem. Hovudproblemet i skulen er ikkje for dårlege lærarar. Tvert imot. Det er lærarane som på tvers av New Public Management og ideologisk marknadsretting ser elevane som dei heile, om enn småe, menneska dei er. Bergenslærarane treng å få meir tillit for sin profesjonalitet, lærarane treng å få styra meir i skulen, ikkje meir mas om at dei ikkje er kompetente nok. Hadde eg vore skulebyråd, skulle eg forsyne meg ha rulla ut den raude løparen for lærarane i Bergen, midt på Torgallmenningen! I både overført og konkret tyding. Ja, det skulle eg jammen. Og så skulle eg ha teke med ein liten bit og rulla ut framfor Møhlenpris skule, til dei som skal til med skulelekser i staden for heimelekser.

Oddny I. Miljeteig, opphavleg publisert i BA 19 august 2015.