Skulelekser, ikkje heimelekser

Publisert: 2015-08-17 12:00
Del:

Har du også tenkt at heimelekser er som ei naturlov å rekna, og som nærast kunne ha vore det 11. bodet på Moses sine steintavler: Du skal alltid og til alle tider gjera heimelekser. Punktum finale. For alltid. Gjennom alle århundre. Blant alle lande. I aust og vest. Frå generasjon til generasjon. Lekser er storkna sveitte. Og tårer. Ikkje minst tårer. Likevel har (skule)verda i all hovudsak halde fast på heimeleksene, som den raude, eller slett ikkje raude, tråden gjennom skuleårhundra.

Men no kan vi sjå starten på slutten for det som for mange born har vore barndommens plage. For heimelekser er altså ikkje ei naturlov. Og det er ikkje gjeve at heimelekser er den beste måten å øva på ny læring.

Det er heilt sant at å læra å lesa, skriva eller rekna krev mykje øving - i alle fall for mange. Øvingsarbeidet er noko av det viktigaste som skjer i skulen, men i dag, som i foreldre- og beste- og oldeforeldregenerasjonanes tid er store delar av øvingsarbeidet skubba ut or skuletida og inn i heimen.

Vi veit no at heimelekser ser ut til å forsterka sosiale forskjellar - og gjer at somme elevar lærer mindre. Mange elevar som får lekser, gjer det litt betre på skulen. Men ikkje elevar frå heimar med dårleg råd og ikkje så mange bokhyllemeter. Elevar frå heimar med dårleg råd som får mykje lekser, gjer det dårlegare enn elevar med tilsvarande bakgrunn som får mindre lekser!

Kanskje er det rett og slett på tide å snu på flisa? For å gje ulike born like muligheter? Og kanskje er det også på tide å sjå korleis kvardagen for born - og foreldra deira - har endra seg sidan kvinnene kom ut i arbeidslivet? For no nærmar vi oss eit likestilt arbeidsliv i Noreg. Småbarnsforeldre jobbar, både mor og far. Skulebarnsforeldre jobbar, både mor og far. «Tidsklemma» er vorte eit omgrep forferdeleg mange kjenner seg att i og opplever som fremste kjenneteikn på ein viktig del av livet: livet som småbarnsforeldre. Og så langt har vi ikkje sett snurten av 6-timars dagen, beste Gerd Kristiansen, storesjef i LO - det er du som må setja makt bak det kravet!

Uansett: Er det ikkje på tide at lekse-skulen tilpassar seg livet? Livet til familien, livet til foreldra, men aller mest: livet til borna?

Vi les stadig vekk i media om stressa born som knapt har eit ledig sekund mellom middag og sengetid. Det er lekser, og det er fritidsaktivitetar. Den frie leiken, den finst snart berre som omgrep i delar av barnehagetida.

Ei av dei fremste nyvinningane som arbeidarklassen har kjempa fram, er retten til fri tid. Ja, eg skriv det i to ord, for å understreka at det er fri tid det handlar om. Ein av mine kjepphestar er kampordet for 8-timars dagen for 100 år sidan. Det var nemleg: «8 timers Arbejde - 8 Timers Frihed - 8 Timers Hvile. » Frihed, ja. Og det er den frie tida som gjev oss fridom. Skuleborn som sit med lekser inntil tannpussen har ikkje fridom.

Ein måte å gje born att fridom i barndommen er å flytta heimeleksene inn i skulen. Ja, eg skreiv om det i førre spalte også, men så altfor lite om noko som ligg meg så veldig på hjarta. SV reiser no fana for å gjera om heimeleksene til skulelekser, ta ein time av SFO og gjera til leksetime med kunnig lærar-leksehjelp. Det er praktisk råd. Det er økonomisk råd også. Og i heile opplegget vårt ligg ei lærarnorm som gjer at det skal vera ikkje meir enn 15 elevar per lærar frå 1. -4. trinn (vi startar med dei minste) - ei statleg norm som vert rekna inn i staten sine overføringar til kommunane. Elles går det ikkje. Staten må betala for seg, slik staten gjorde den gongen for ikkje mange år sidan då vi hadde klassedelingstal som staten betalte etter.

Eg trudde forslaget om å gjera heimelekser til skulelekser ville vera kontroversielt. No har SV fått gjennomført ei spørjeundersøking på aller skikkelegaste vis, og det syner seg at 65 prosent av befolkninga støttar ein slik modell. 65 prosent! Det er mest ikkje til å tru! Fleirtalet av veljarane til dei fleste partia vil ha skulelekser, ikkje heimelekser. Ville du ha trudd at så mange heller ville ha skulelekser enn heimelekser? Kanskje ville du det - kanskje er det politikarane som har vore forblinda av heilt feil debattar om skulen. Det har vore PISA og normerte prøvar og helst karakterar på mellomtrinnet i barneskulen, sjølv om det heiter evaluering, det har vore kartlegging av språk og matematikk ned i den minste detalj. Alle har sett til Finland som har så gode resultat - men dei juksar visst dei også, med dei nasjonale prøvane, for dei teorisvake elevane er visst ikkje med, der heller? Imedan har dei estetiske faga vorte håna og spotta av høgresida som totalt unyttige og del av «SV sin leikeskule» - inntil no undersøking på undersøking syner at dei estetiske faga også gjer born flinkare i heilt andre fag.

Ja, var det ikkje det vi visste, eigentleg, at mennesket er eit heilt menneske og ikkje kan delast opp i sine einskilde faktorar som lesing, skriving og rekning, om dei vert kalla basisferdigheter aldri så mykje? Og veit vi ikkje eigentleg, utan at det treng å forskast på, at fri tid og fri leik inspirerer, får born og for den del vaksne til å improvisera og bruka både kropp og sjel i eit mangfaldig samspel? Så kvifor plaga ungane inn i eit uniformert , gammaldags skuleopplegg frå barnehagen av - og trekkja skuledagen langt inn i pyjamasen? Det er borna si tidsklemme også! Og vi som har avskaffa barnearbeidet - det er eitt av vårt samfunns adelsmerke! Men så har vi i staden prakka på borna ei tidsklemme vi vaksne heller ikkje meistrar særleg godt i liva våre?

65 prosent av folket vil altså heller ha skulelekser enn heimelekser. Javel, det er einast ei undersøking. Men ikkje noka sekunda undersøking. Ei heilt skikkeleg undersøking. Kanskje er det rett og slett slik at ingen har spurt foreldre før, på skikkeleg? Foreldre kjenner på livskvardagen til borna sine - og seg sjølve. Foreldre vil det beste for borna våre. Det er ikkje berre vaksne som treng fridom. Det treng minsanten borna også. Kanskje handlar det om at vi skal trekkja pusten djupt inn og seia at jammen skal borna våre få barndommen attende, og ikkje leva som kopi av eit oppjaga vaksensamfunn? I så fall er det jammen verd å prøva skulelekser i staden for heimelekser. Kva trur du?

Oddny Miljeteig, fyrstekandidat for Bergen SV. Opphavleg publisert i BA.