Austvågøy 1941 – Utøya 2011 – Suruc 2015

Publisert: 2015-07-22 11:00
Del:

Eg hadde bestemt meg allereie måndag føremiddag. Bestemt meg for at spalta mi den 22. juli 2015 skulle handla om politikk på allminneleg, om eg kan seia det slik. Eg skulle sjølvsagt skriva om Hellas, Hellas som har fått bank frå eit EU som har oppført seg som eit autoritært monster og tvinga på grekarane ein avtale som gjer dei til gjeldsslavar i uoverskodeleg framtid. Til og med Det internasjonale pengefondet seier det. Og då er det gale. For der i ei av pengemaktas høgborger, der slepper dei knapt ein 50-øring av syne – i pengemaktas teneste. Så når IMFs ypparsterprestar går i rette med EUs nådeløyse, avdi dei meiner avtalen og gjeldsvilkåra ikkje vil gje grekarane høve til økonomisk vekst og med det ei framtid, ja då er det rikeleg å skriva om for ein sosialist-spaltist. Eg hadde tenkt å få inn ein velretta finte og to på Jonas Gahr Støre, som mildt sagt har vore uklår på om Arbeidarpartiet vil stå opp for den frie, kollektive forhandlingsretten i Hellas, for det synest det slett ikkje som om han vil. Og ei fri fagrørsle med kollektiv organisasjons- og forhandlingsrett er ein berebjelke i eit fritt og demokratisk samfunn. Alle vegar. Også i Hellas. Alt dette hadde eg tenkt at spalta skulle handla om. Og fintane til Jonas Gahr Støre skulle vera i demokratiets og den demokratiske debattens beste ånd – som eit trassig, sigrande svar til den heimlege terroristen som røva frå Arbeidarpartiet og heile Noreg både ungdom og vaksne. For den største sigeren over den heimlege terroristen er å la demokratiet bløma i alt sitt mangfald og fargerikdom.

Slik hadde eg tenkt det. Og for meg står 22. juli nært. Det har eg skrive om ved fleire høve i denne spalta, og sjølv om du ikkje hugsar det, så kjem alltid 22. juli for meg til å vera ein dag når vi minnest vår tids unge døde, dei som døydde for fridom og demokrati. På Utøya. I regjeringskvartalet. For bomba i regjeringskvartalet var eit åtak direkte på den norske statsmakta, på det norske demokratiet i form av regjeringsbygget. Når vi ser hatretorikken som fløymer i underskogen på sosiale media, er det så eg eg kjenner at eg vil ......spy. Så mykje hat mot især Arbeidarpartiet, framleis mot Eskild Pedersen – fordi han er i live og ikkje let seg skyta ned av terroristen i ein slags misforstått heltedåd. Vi må ikkje tola desse grove, groteske, antidemokratiske , konspiratoriske ytringane i ein slags misforstått raus «ytringsfridom.» Det får altså vera grenser for kva ein skal sitja og lira av seg i ytringsfridommens namn og bli fornærma og utnemna seg som krenka og forfylgd av den politiske venstresidekorrekthet straks ein får motbør! No sist ute var ein kjend «debattant» her vest som hadde greidd å melda seg inn i Senterpartiet av alle stader og jamvel kome som listekandidat i heimekommunen – medan han samstundes driv ein sosial nettstad der den høgreekstreme gørra fløymer. Fylkesleiar Jostein Ljones gjekk forbiletleg i taket, det skal han ha. Hadde alle vore som han, hadde det vore dårlege kår for den høgreekstreme gørra. Men det er slett ikkje alle. Når skal FRP slutta å fri til den bruntilsulka underskogen dei kjenner finst kvar gong det står dei ille før eit val? Ja, eg spør, og eg spør i fullt alvor.

Dette er også fredeleg politisk debatt, for det er i ope lende høgreekstremismen og brungrumset må takast – med det frie ord, med den frie organisering, i demonstrasjonar og aksjonar for demokrati, organisasjons- og ytringsfridom.

Men så skjedde Utøya omatt måndag. Det må kunna seiast såpass. I byen Suruc nær grensa til Syria, men på tyrkisk side, ramma ein (sjølvmords)aksjon ein sommarleir for unge menneske. Minst 30 vart drepne, 100 såra. Dei skulle delta i gjenoppbygginga av den kurdiske byen Kobane, som ligg ti kilometer frå Suruc, på den andre sida av grensa mellom Syria og Tyrkia. Kobane vart i september i fjor hærteken av IS, men har sidan vorte frigjord av kurdarane.

Bomba måndag forvandla eit hyggjeleg hagemøte i eit kultursenter i Suruc til eit inferno av død og lemlesting. Kjenner du 22.juli-kjensla frå 2011 att i hjarta ditt? Suruc er stort sett befolka av tyrkiske kurderar, som under krigen om Kobane har sendt mat og medisin inn til kurdarane på den syriske sida. Samstundes med eksplosjonen i Suruc var det eit sjølvmordsbombeåtak i sentrum av Kobane. Det er altså uråd ikkje å trekkja parallellar mellom Utøya 2011 og Suruc/Kobane 2015. Terroren kjenner ingen grenser. Det gjer heldigvis heller ikkje kampen for fridom og folkestyre. Difor må denne 22. juli-spalta igjen handla om – 22. juli, og det nye 22. juli som råka kurderane og Suruc den 20. juli 2015. Vi skal aldri gløyma, vi skal aldri godta – og i generasjon etter generasjon skal vi heidra dei som miste livet sitt ved å føra kampen for fred, fridom og folkestyre til dommedags ettermiddag.

Eg vil avslutta spalta med Inger Hagerups dikt Aust-Vågøy 1941. Diktet vart spreidd på papirlappar og betydde mykje for folk og motstandskamp i Noreg. I 2011 gjorde eg ein høgst amatørmessig freistnad på om omskriva diktet til ære for Utøya-ungdommen. I dag vil eg med dette helsa til alle som strir for fridom om fred, og aller mest til dei unge som miste livet på ein sommarleir i Suruc, i eit hagemøte i eit kultursenter – og sjølvsagt til terrorofra i Noreg frå 22. juli 2015:

AUST-VÅGØY

Mars 1941

De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
La våre hjerter hamre
det om og om igjen.

La våre hjerter hugge
med harde, vonde slag:
De brente våre gårder.
De gjorde det i dag.

De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
Bak hver som gikk i døden,
står tusner igjen.

Står tusen andre samlet
i steil og naken tross.
Å, døde kamerater,
de kuer aldri oss.

Inger Hagerup
UTØYA 22. juli 2011
SURUC 20. juli 2015


De drepte våre unge –
kvinner, barn og menn.
La våre hjerter hamre
det om og om igjen.

La våre hjerter hugge
med harde, vonde slag:
De drepte våre unge.
De gjorde det i dag.

De drepte våre unge –
kvinner, barn og menn.
Bak hver som gikk i døden
står tusner igjen.

Står tusen andre samlet
i steil og naken tross.
Å, døde kamerater,
de kuer aldri oss.


- Oddny I. Miljeteig