Søndag er kvinnedagen

Publisert: 2015-03-04 15:24
Del:

«Kvar mann si høne», sa ein gong ein landbruksminister frå Stortingets talarstol. «Kvar mann sin søndag», svarar Solberg-regjeringa eit tiår seinare. Dei er forresten heilt sikkert så frimodige, regjeringa , at dei seier: «Kvar kvinne sin søndag» også. For denne regjeringa er ikkje kvinners regjering. Ein er ikkje kvinners regjering om ein har oppfylt 50-50 med kvinner og menn. Det er politikken som tel.

I fjor ville regjeringa ta oss kvinnene attende til 70-talet og tida før sjølvbestemt abort vart lovfest i 1978. Det er no så, hadde eg nær sagt. Er ein konservativ, så er ein. Sjølv om regjeringa hadde gjort opp rekning utan vert, som var alle kvinnegenerasjonar i kongeriket. Det hjelpte ikkje om Erna Solberg forsikra om at reservasjonsretten regjeringa hadde forhandla fram med Krf, den var til kvinnenes beste – og at kvinner som var imot, vi skjøna ikkje vårt eige beste. Dessutan forundra statsministeren og Bent Høie seg over at ikkje norske kommunar ville ha kommunal abortlov – altså ville ikkje norske kommunar ha kommunalt sjølvstyre, fekk dei seg jamvel til å seia, derifrå Elfenbeinstårnet som dei har laga regjeringa til. Så fekk dei tidenes 8. mars rett i fleisen. Tidenes. Stordomstida og mytane frå 70-talet bleikna og kvarv. Ikkje ei einaste av oss med høg hurpefaktor vart oppringde av ein fantasifull journalist, slik vi hadde vore kvart år i minst to tiår før, og spurde om no ikkje 8. mars var utgått på dato og om ikkje likestillinga var komen for langt (?). Ja, det var beint som om hurpefaktoren kvarv også, i raudstrømper og mobilisering utan sidestykke til kvinnedagen.

Abortlova vart stadfest 8. mars i fjor. Etter kvinnedagen hadde ikkje Solberg og Høie ein sjanse. Dei hadde fått heile kvinne-Noreg på nakken og framstod nett så bakstreverske og formynderske som dei var. Dessutan hadde kvinne-Noreg hugsa på abortlova si historie, etter at heile det politiske Noreg minus Krf hadde sigla under abortlovas flagg like sidan 1978 – og late som om dei alle alltid hadde vore for abortlova. Men kvifor var det Høgre og FRP så lett sette abortlova under debatt etter stortingsvalet 2013? Avdi abortlova aldri hadde vore deira lov! Ikkje i 1975, då dissenterande Otto Hauglin frå SV røysta mot i Stortinget – og ingen frå dei borgarlege partia kom til unnsetnad. Ikkje i 1978, då abortlova vart vedteken med ei røysts overvekt. Ingen frå Høgre. Eller det til vanleg kjepphøge Venstre. Eller Senterpartiet. Nei slett ikkje Senterpartiet. Anne Enger Lahnstein var jo leiar for Folkeaksjonen mot sjølvbestemt abort – og stod i bresjen for å samla inn over ein halv million underskrifter. Så det. Abortlovas sanne tilblivelse var at det var einast Arbeidarpartiet og SV som røysta for i Stortinget i 1978. Berre dei to partia var det som sytte for at norske kvinner slapp abortnemndene og det overformynderiet som hadde fylgt abortsøkjande kvinner i Noreg fram til dess. I 2013 var det altså seiare tiårs medgangssuportarar som så letthendte var villige til å forhandla abortlova til pises. Forresten dei same som reduserte pappapermen ved fyrste høve og skar ned på utbygginga av barnehageplassar. Godt vi hadde fått barnehageutbygginga nesten i mål gjennom dei åtte åra med raud-grøn regjering!

Attende til 70-talet, altså. Det var fjoråret. I år nøyer ikkje regjeringa seg med så putlete bakstreverskhet. I år slår dei skikkeleg til med sine åtak på arbeidsmiljølova. Det er kvinnefiendsleg så det held. Og denne regjeringa vil ikkje kvila den sjuande dagen. Søndagen er konform og A4 og sosialdemokratisk formynderi og einsretting. Eller noko slikt. Det er no vel det same kva dag vi samlar familien til søndagsmiddag, vel? – om eg forstår kulturminister Torhild Widvey rett. Jaha? Men dersom vi skal ha kvar vår søndag, korleis skal vi då kunna ha ein felles søndag – kan Torhild Widvey fortelja oss det? Trur ho at alle lønsarbeidarar i dette landet har same råderett over kvardagen sin som ein kva som helst styregrossist?

Norske kvinner jobbar allereie i hundretusental på søndagen. Det er vi som jobbar i helse, pleie og omsorg, i dei delane av samfunnslivet der hjula aldri kan stoppa. I hotell og restaurant også. Difor veit vi kor dyrebar ein dag søndagen er. Og kvinner har ei lang arbeidslivshistorie når det gjeld å sno arbeidslivet kring ein heimekvardag og ein yrkeskvardag som begge må gå opp. Det er kvinnene som er reservearbeidskraft også . Framleis arbeider fleire enn fire av ti kvinner deltid. Til deltids løn og deltids pensjon. Med Høgre, FRP og Venstre sine endringar av arbeidsmiljølova vil fleire bli tilsette i utrygge, mellombelse jobbar. Det er lausarbeidarsamfunnet som er desse partias leiestjerne for arbeidslivet. Lausarbeidarsamfunnet –som flytter makt til arbeidsgjevar og svekkar organisering og fagrørsle. Fleire mellombelse jobbar gjev fleire utrygge liv, utrygge tilsette – og mange menneske som ikkje får lån til bustad og føreseieleg framtid. Arbeidslivet kan ikkje organiserast som «Idol!» - med Høgre, FRP og Venstre som kyniske dommarar!

Søndagsopne butikkar vil bety at fem gonger så mange som dagens 46.000 søndagsarbeidande i varehandelen må jobba søndagen. Regjeringa har ikkje vilja utgreia konsekvensane av søndagsopne butikkar. Men Fafo har pårekna at 245.000 av dei 370.000 tilsette i varehandelen må belaga seg på ein ny arbeidsdag. I tillegg påreknar Fafo at 47.000 tilsette innan nærskylde sektorar vil koma med i dragsuget. Og då har dei ikkje teke med barnehagane, om eg forstår det rett! Til dømes.

No er det ingen som er samde med regjeringa om at søndagsopne butikkar er ein god ide. Utanom Venstre, då – som vil ha kommunalt sjølvstyrte søndagsopne butikkar, som eit slags sosialliberalt (?) svar på lakrispiper og Segway. Så langt ser det ut som om regjeringa har tenkt å overkøyra Krf og den kristne kulturarven og næringslivet og arbeidsgjevarane og folk flest og utradera søndagen. Men det spørst no når meiningsmålingane for samarbeidspartia ser ut mest like galne som SV sine - og Krf er gjennomprovoserte jamvel før søndagen for alvor er sett i spel. Uansett: I kvinneperspektivet er alle søndagar kvinnedag. Det regulerte arbeidslivet er ein føresetnad for kvinners yrkesdeltaking på jamstelt basis med menn. At søndagen er søndag er ein garanti for den fridommen felles fritid gjev, for den einskilde og for eit moderne, framtidsretta samfunn. Margaret Thatcher meinte at djupast sett finst det ikkje eit samfunn. Det er meir enn reaksjonært, og aldeles ikkje betryggjande at denne dama visstnok er eit førebilete for både statsminister og finansminister.

Søndag er 8. mars. Og 8. mars er kvinnedagen, i år som alle andre år. Dessutan minner 8. mars oss i år om kor viktig søndagen er for kvinners frigjering, frie tid, fridom og arbeidsliv. Søndagen er rett og slett kvinners dag. Til lukka med 8. mars!

Oddny I. Miljeteig