Anstendighetens grenser

Publisert: 2015-02-26 09:45
Del:

Er anstendighet politikk? Er politikk anstendighet? Den som spør, kan få svar. Somtid er vegen fram til svara vel så viktige som svara sjølve. Trur eg.

Den norske anstendigheta er i hardt ver om dagen. Vi stod han av etter 22. juli 2011, utan hat-aksjonar, utan splittingar i folket. Det vil seia, det er jo ikkje heilt sant. For i dei uavklåra timane etter at bomba eksploderte i regjeringskvartalet, fekk mange sakeslause menneske med «muslimsk utsjånad» (?) passet sitt påskrive av såkalla etnisk norske medborgarar. Det var ikkje vakkert. Og avklåringa av kven gjerningsmannen var, kom raskt nok til at den norske anstendighet ikkje vart utskjemd.

No har det lenge butta imot for FRP på meiningsmålingane. Dessutan nærmar det seg val. Då er regelen meir enn unntaket at FRP nyttar høvet til å koma med innvandringsfiendslege utspel. Det har ført dei til nye høgder meir enn ein gong. No var det Per Sandberg som fyrte laus mot Krf og skulda partiet for å vera ansvarlege for rekruttering til ISIL og for massakrar og drap på kvinner og born. Ikkje rart at det bobla over for Knut Arild Hareide, som måtte venta lenge på ei vilkårslaus orsaking frå Erna Solberg og Siv Jensen. I utgangspunktet sa dei vel begge at Sandberg hadde gått «for langt.»Javel. For langt? Men kva ville vera passeleg langt? Kva ville vera akseptabelt for regjeringa? Det sa dei ingenting om. Og då skal vi hugsa at blant dei to damene har vi ein visestatsminister som meiner at ho som finansminister står på menneskerettane, men som partileiar for FRP vil ho setja menneskerettane under debatt. Difor vert det dubbelt interessant kva som er «for langt» i Sandberg sine skuldingar, og kva som er «passeleg langt» eller akseptabelt.

Hareide har fått sine orsakingar –til slutt, av både Solberg og Jensen. Det skulle då berre mangla. Vi snakkar trass alt om eit parti som har vore med og sett inn regjeringa og slik sett gjennom samarbeidsavtalen høyrer med til regjeringas parlamentariske grunnlag. Civita-leiar Kristin Clemet, som ser sitt livsprosjekt om brei borgarleg samling skaka i grunnvollane, skunda seg til bistand med at Heikki Holmås sine utsegner om at bistandspolitikken til Høgre og FRP ville føra til at fleire born i utviklingsland vil missa livet – ja, dei var av same klasse som Per Sandberg sine. Vel. Det kan i alle fall diskuterast. Men det Clemet, sedd på som ei av Noregs fremste intellektuelle, behendig unngjekk å seia, det var nett at Krf er støtteparti for regjeringa gjennom samarbeidsavtale for heile perioden. Som ei ekstra støttefråsegn til regjeringa (koss kan ein elles tolka det?) finta den same Clemet i Vårt Land om at Den norske kyrkja nærast er ei venstreradikal bol: «I Den norske kirke er det venstrsiden som dominerer. Man holder seg med politisk banale, og falske, dikotomier mellom godt og ondt. Høyresiden er egoisme, mens venstresiden er god.» No får Kyrkja svara for seg, men Clemet sitt ærend synest vera å nulla ut det vondes problem på eit tidspunkt når regjeringa beviseleg set Noregs anstendighet til dei grader på prøve.

Ja, det handlar om asylpolitikken. Det handlar om å snakka (u)sant om asylborna frå Stortingets talarstol. Det handlar om eit ekstremforslag for kriminalisering av tiggarar og deira hjelparar. Det er meir enn platt å skulda Senterparitet for å feiga ut – med det kriminaliseringsregimet regjeringa la opp til åtte år etter at Lausgjengarlova vart oppheva. Det er ei forråing av norsk politikk som manglar sidestykke – frå ei regjering.

Og så, så kjem Per Sandberg med sine bannbullar midt oppi attentata både i Danmark og i Paris som i seg sjølve utfordrar tillit, fellesskap og samhald også i vårt land. Og det er jo nett meinga frå ekstremistane si side – å bryta ned tillit og fellesskap.

Knut Arild Hareide la i «kampens heite» med Per Sandberg vekt på at skuldingane frå Per Sandberg eigentleg ikkje var verst for Kristeleg Folkeparti, men for dei menneska Sandberg stigmatiserte. Det har Hareide heilt rett i. Men så er dette regelen og ikkje unntaket frå FRP si side. Etter at ein pesnsjonist vart rana og drepen av to asylsøkjarar i Haugesund i 2003, sende Sandberg ut ei pressemelding om at dåverande regjeringa og fleire namngjevne politikarar var «indirekte ansvarlig for hvert drap og hver kriminell handling asylsøkerer og andre med fremmedkulturell bakgrunn måtte stå bak.» Og seinare sommaren 2003 sa Carl I. Hagen om manglande innsats mot tvangsekteskap at dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik «står og ser på at norske jenter blir voldtatt.» For å seia det slik: Eg har aldri sett FRP i noka fremste rekkje for kvinners fridom og rettar når dei vert krenkte av andre enn etniske minoritetar. Aldri.

Medan Solberg og Jensen omsider har beklaga overfor Krf, held Sandberg fram med sine krosstog. Det multikulturelle samfunnet har spela fallitt, postulerer han. Javel. I eitt av dei i verda som skårar høgast på tillit, tryggleik og små forskjellar? Kan han forresten visa til noko monokulturelt samfunn som får det til så mykje betre? Det finst altså ikkje noko paradis på jord. Og globaliseringa er komen for å bli. Grenser kan heller ikkje vera opne berre ein veg – frå det rike nord til det fattigare sør – om vi skulle ynskja det. «Gamle dagar» var ingen herlegdom, det vil alle 100-åringar kunna skriva under på.

«Kven skal ut, Sandberg?» spurde Stavanger Aftenblad på leiarplass og påpeika at i Stavanger bur det folk frå rundt 180 nasjonar. «Stavanger er multikulturelt. Og det finst ingen annan måte å reinska ut alle desse kulturane på enn rein fascisme. « Slikt er ikkje kvardagskost på leiarplass i Stavanger Aftenblad. Men slik set Stavanger Aftenblad opp gjerdestolpane for anstendighetens Norge. Dei gjerdestolpane er Per Sandbergs FRP på utsida av. Definitivt innanfor er dei muslimske ungdommane som i helga slo ringa om den jødiske synagoga i Oslo. Det er dei som viser von for framtida – og for Norges anstendighet.

Oddny I. Miljeteig