Heile Bergen!

Publisert: 2014-12-17 10:56
Del:

Bergen er ein forskjellsby. SVs budsjett er eit budsjett for å minska sosiale skilnader, inkludera alle og gje alle rein byluft å pusta i. SVs budsjett peikar mot eit bysamfunn som tek sin del av jobben med å redusera klimagassutsleppa.

SVs budsjett skil seg frå byrådspartia sitt –og for den del kompromisspartia sitt – på avgjerande vis – sjølv om byrådspartia sitt budsjettframlegg denne gongen tek inn om lag dubbelt så mykje i eigedomsskatt på privatbustader som SV gjorde for 2013. Det er konsekvensen av statsbudsjettet Venstre og Krf losa igjennom i Stortinget i haust. Fyrverkeriet og champagnen frå det famøse gravølet byrådspartia deltok på saman med Huseiernes landsforbund i 2013, har for lenge sidan slokna. I staden har Bergen vorte ein forgjelda kommune som har landets største andel av helsefårlege skulebygg. Forfallsbyen Bergen er ein realitet 5 år etter at Trondheim hadde klimagodkjenning for alle sine skulebygg.

I vårt alternative budsjett tek SV inn så vidt meir enn kompromisspartia i eigedomsskatt. Skilnaden er at vi presenterer ein progressiv eigedomsskatt som skjermar dei som har og tener minst. Eit botnfrådrag på 2 millionar syter for det, og gjer at med vårt opplegg vil 68% av dei som eig bustaden sin sleppa eigedomsskatt.

Kamp mot fattig-Bergen!

Byrådet og bystyrefleirtalet har gjort fattige i Bergen fattigare. Å føra sosialhjelpssatsane attende til 2003-nivå vil åleine kosta 42 millionar. SV legg inn 20 millionar som eit fyrste steg, eit fyrste steg også på veg til SIFO-nivå, sjølv om det vil kosta nær 100 millionar. SV vil auka klestillegget for sosialhjelpsmottakarar frå 300 kr pr halvår for born og 1400 for vaksne til kr 1600 for alle som fyller vilkåra. Kan andre parti leva med ikkje å syta for at dette får fleirtal? Aktivitetstilskotet for fattige born (kr 3.000) har ikkje vore indeksregulert ein gong sidan det vart innført i 2007. SV regulerer til 3.500. Ein reelt gratis skule, skulemåltid og skulefrukt er også røynlege grep mot fattigdom.

Transportrevolusjon for rein luft!

SVs knallgrøne merknader og talforslag viser korleis samferdsel og transport kan leggjast om til både å gje betre framkome og samstundes miljø- og klimavenlege løysingar. Retten til å pusta inn rein luft må trumfa retten til å forureina. Bergen må vera ein helsesam by som tek sitt miljø- og klima-ansvar. SV vil ha Bryggen bilfritt og miljøgate i Øvregaten, Nye Sandviksvei og Sandviksveien.Vi forserer landsstraumsprosjekt, etablerer kommunal bysykkelordning, toalett og bymøblar - vil ha bybane til alle bydelar innan 2025. Vi løyver pengar til nye målestasjonar også i Åsane og på Nesttun – og vil ha byfjellsgeiter til både nytte og glede. Vi har ikkje ein kvadratmeter med matjord å mista! SV omprioriterer innan Bergensprogrammet og meiner vi må ha som mål ingen dagar med «raud» luftforureining» neste år – og i 2016 heller ikkje ein einaste dag med «oransje» luftforureining.

God og trygg omsorg

Det skulle ha skine av eldreomsorga. SV vil ha kvar krone på omsorgsbudsjettet rett i direkte tilbod for dei hjelpetrengjande. Vi har ikkje ei krone å avsjå til profitt eller selskapskonglomerat som plasserer pengane i skatteparadis. Vi vil ha eigne, kommunale vikarpoolar med fast tilsette i heile stillingar, vi vil auka grunnbekvinning i heimetenester og i institusjonar. Det kan gje lågare sjukefråver og tena seg sjølv inn. SV vil arbeida for at Bergen kommune ikkje skal bruka eksterne vikarbyrå. Stabilitet i arbeidesstokken gjev kvalitet for dei som får tenestene.

I 2015 må ikkje tenestene for utviklingshemma og andre funksjonshemma forringast og reduserast. Familiar som treng avlasting, må få avlasting etter behov. Omgrepet «fagleg forsvarleg» er for lengst tøygd til brestepunktet. Også funksjonshemma skal leva sjølvstendige liv – det er berre det som er inkludering.

Rusavhengige – fullverdige borgarar som treng omsorg, ikkje marginalisering i eigen by!

Nygårdsparken vart stengd utan at byrådet meir enn så vidt hadde starta å byggja ut MO-senter. I dag ligg MO-sentera konsentrerte i eit lite område: Møllendal, Damsgård, Wergeland og Nesttun. Kanskje skal det koma MO-senter i Åsane til neste år, og kompromisspartia har lagt inn 1,5 millionar til «MO-senter-aktivitetar» i Bergenhus. SV vil kjempa hardt for at Bergenhus/sentrum får sitt MO-senter, og som dei andre med brukarrom/helserom. Ingenting må vera uprøvd når det gjeld å berga liv og grunnleggjande verdighet. Om naudsynt får det no såkalla Strax-huset på Damsgård nedskalerast for å finna midlar til å byggja ut fleire MO-senter for.

Sentrum kan ikkje «renoverast» for dei sjukaste, mest utsette rusavhengige! SV vil ikkje at Bergen kommune skal godta at personar vert bøtelagde for å opphalda seg innanfor ein «forbodssone» politiet set for einskildmenneske.

Bustader til alle – no!

SV vil at Bergen Tomteselskap skal gjenoppstå som eit verktøy for bustadbygging og med det langsiktig samfunnsbygging. Det er på tide å innfri lovnaden frå 1994 om at det ikkje skulle vera bustadkø for menneske med utviklingshemming. Og det er på tide med elementær sosial bustadpolitikk – dvs. at kommunal bustadbygging også må møta dei som har «berre» dårleg råd. Det er ein menneskerett å ha ein heim. Det må vi greia å innfri i Bergen.

Eit menneske har berre ein barndom

Bergen skulle bli Noregs beste by for born og unge. Det er langt fram dit. Men SV tek viktige steg med budsjettet vårt: fleire lærarar i skulen, fleire tilsette i barnehagane, styrking av jordmorteneste og helsesysterteneste slik at born blir sedde av kompetente vaksne i sitt kvardagsliv. Skulemat og frukt og grønt høyrer med i ein god skuledag som inkluderer alle. SV styrkjer barnevernet vidare slik SV sytte for i den siste raud-grøne regjeringsperioden. Vi vil kjempa vidare for nærbarnehagen, og vi vil at alle som ynskjer det, må få velja ein kommunal barnehageplass i sitt nærmiljø. Trollskogen barnehage må få leva. Barnas byrom må utbyggjast og utviklast etter opphaveleg plan. Eit aktivt landbruk i Bergen kan gje born matmedvit og dyremedvit – og ei ordning med byfjellsgeiter kan også inkludera barnehagar og/eller skular. SV fullfinansierer Trafikksikkerhetsplanen. Slik tek vi eit godt steg fram mot trygg skuleveg, det vere seg for elevar ved Nygårdslien skole og mange andre.

SV meiner det trengst ei omfattande opptrapping og utbygging av ungdomsklubbar. Ikkje noko er meir førebyggjande enn tilbod i nærmiljøet, og nærmiljø og bydelar i Bergen må anerkjennast også som nærmiljø og bydelar der born og unge har sine heimemiljø og skal leva sine liv.

Bergen kommune – ein god og anstendig arbeidsgjevar som nedkjempar sosial dumping!

SV meiner Bergen bør setja seg som mål å bli Noregs fyrste heiltidsby. SV-ordførar Inga Mandal i vesle Gamvik kommune har greidd å gjera slutt på uønska deltid. Enn om Bergen gjorde det same? Vi er store og har mykje meir å spela på. Vi er så store at det merkast om vi arbeider for å bli Noregs fremste kommune mot sosial dumping, og det merkast viss vi gjer eit krafttak for lærlingar, i eigen regi og hos dei vi handlar med. Det merkast om Bergen ingen nåde viser for bemanningsselskap som ikkje har transparens i selskapsstrukturen sin. SV meiner at Bergen kommune må sjå dei tilsette og deira organisasjonar som den ressursen dei er –og ta dei med i utviklingsprosessar på ein heilt annan måte enn det byrådet gjer i dag. Som kommune må Bergen ikkje pressa på for å utvida arbeidstidsordningar som ikkje er helsesame, og vi må respektera og anerkjenna partssamarbeidet. I KS må Bergen kommune aldri gje vår røyst med til undergraving av forhandlingsretten og med det organisasjonsretten.

Kultur og kunst for store og små!

Kunst og kultur har ein eigenverdi. I tillegg veit vi at kunst og kultur stimulerer mange sansar, lærelyst og læreevne - og opplevest som del av det gode liv. SV beklagar djupt at regjeringa tok vekk kulturskuletimen. Kulturskuletimen sikrar alle born møte med kunst og kultur. Vi legg innatt kulturskuletimen for Bergens born frå hausten av. Vi vil utvida sundagsopne bibliotek, vi vil ha gratissøndagar for kunstutstillingane, vi held oppe bibliotekfilialen i Ytre Arna – og Indre Laksevåg får att biblioteket sitt! Områdesatsing må bety områdesatsing og ikkje område-utarming! Fyllingsdalen Teater må sleppa å leva frå hand til munn og på almisser, Opera Bergen må få føreseielege kommunale tilskot.

Bergen er den røynlege nynorskhovudstaden i Noreg. SV vonar eit heilhjarta bystyre vil vera med på å arbeida fram eit eige nynorskteater – og at vi vil ta mål av oss til å bli byen med dei mest spennande og omfattande sidemålsforsøka, for å styrkja nynorsken i vår by, vår landsdel og i heile landet.

Idrett – for alle i heile Bergen kommune!

Idretten på sitt beste er levekårsutjamnande og gjev menneske i alle aldrar eit helsigare og rikare liv. Debatten om prisnivået i ADO Arena viser at Bergen treng ein grundig gjennomgang av korleis idretten skal vera ein idrett for alle. Det må finnast tenlege symjeanlegg i alle bydelar. Born i Bergen må få læra å symja, slik elevane ved Ytre Arna skule er gode døme på. SV set av 11 millionar kroner til einhetspris. Det er ei stor satsing i vårt alternative budsjett. I Idretten ser ein frivilligheita i utfalding mest meir enn innan noko anna felt. Også difor må kommunale idrettskroner gå dit dei gjev mest idrett att og ikkje til idrettsbyråkrati i kommunen.

Noregs fremste by å leva i for kvinner!

SV vil at Bergen skal ta mål av seg til å bli Noregs beste by å leva i for kvinner. Det betyr at vi må bli fremst på heiltid og faste stillingar, det betyr at vi må bli fremst på likeløn også. Det betyr nye forsøk med seks timars arbeidsdag, og det kan bety å jobba med prosjekt for kortare arbeidstid for småbarnsforeldre.

Skal vi bli Noregs fremste by å leva i for kvinner, må vi ha kvinnebrillene på ved langt fleire høve enn vi har det innan kommunen per i dag. Etter vårt skjøn betyr kvinnebriller at ein ikkje kan røysta ned sjølvforsvarskurs for jenter i ungdomsskulen. Kvinnebriller betyr å erkjenna kjønnsskilnader der ein ser dei – også innan samferdslepolitikken, til dømes når det gjeld sykkel. Og med kvinnebriller på kan ein i alle fall ikkje overlata Bergen til endå meir kjønnsstereotyp reklame som inneber kroppspress overfor jenter og unge kvinner. Heller ikkje kan ein tildela heimehjelp og heimesjukepleie etter om søkjaren har søner eller døtrer –om ein altså har kvinnebriller på.

Med kvinnebriller på vil det vera uråd å underfinansiera krisesenter. Og med kvinnebriller på vil ein kunna oppmoda alle miljø og organisasjonar om å gjera det same. Kanskje kan vi då endeleg få eit kvinnehus i Bergen, eit internasjonalt kvinnehus? Det kan starta i det små, slik vi har gjort framlegg om i mange budsjett.

Viss Bergen tek mål av oss til å setja kvinnebrillene på, kan vi gjera byen til ein årleg arena for eit nasjonalt eller internasjonalt kvinnesymposium, der Bergen er utgangspunktet for å sjå på utviklinga i kvinners kår lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

I det aller minste bør Bergen no, 101 år etter røysterettsjubileet, syta for å namnesetja gater, plassar og vegar etter kvinnesakas bergenske pionerar.

Ein by for alle med andletet vendt mot verda

Historisk er Bergen Noregs mest internasjonale by. Det moderne Bergen er ein mangfaldig by med innbyggjarar som har sitt opphav i eller ættar frå mange land og alle verdsdelar. Vi er nest største kommune i eitt av verdas aller rikaste land. Rikdom freistar til å bli seg sjølv nok. Tiggeforbod, som i praksis er tiggarforbod, er heldigvis ikkje foreslått innført . Men stigmatisering av «dei andre» er med i den politiske debatten her, sist ved forbod mot gatemusikantar. Vi må akta oss vel for ikkje å vera med i eit stigmatiseringsregime som no går over store delar av Europa. I Marseille vart det påbode for heimlause å bera ein synleg gul trekant for heimlause. Det er skremmeleg og inhumant. Bergen tek no imot mykje godt så mange flyktningar til busetjing som staten ber oss om. Vi har til og med vedteke at vi vil ta imot 30 av dei sjuke og skadde syriske flyktningane som regjeringa sa nei til i sommar. Dessutan veit vi at det sit 5.000 asylsøkjarar i norske asylmottak som har fått opphald og ventar på at ein kommune vil ta imot dei. Desse menneska må få tildelt kommunar. Som storesyster i ein stor region meiner SV at Bergen må prøva å få med oss kommunane i Hordaland på å ta «vår» del av dei som sit fast i asylmottak med livet på vent.

Bergen bystyre har ved fleire høve stilt opp for einskildasylsøkjarar, det vere seg born, kvinner , unge eller familiar. Det er å oppfylla menneskelege og medmenneskelege forpliktelsar. Framleis treng asylborna Bergens støtte. Og alldeles ikkje mindre enn før trengst det at lokalsamfunn og kommunar er med og kjempar for ein human asylpolitikk. Humaniteten kjenner ingen grenser og er like lokal som internasjonal. Bergen er ikkje berre Vestlandets hovudstad, men ein integrert by i ei internasjonalisert verd.

Ein betre kommuneøkonomi!

Regjeringa og stortingsfleirtalet har ikkje kommuneøkonomien som øvste prioritering. Det viser seg m.a. ved at kommunane ikkje får kompensert for mindre-skatteinngang. I Bergen viser byrådets budsjettframlegg tydeleg at deira eiga regjering ikkje stettar Bergens behov – ved å foreskriva tidenes eigedomsskatt på privatbustader.

SVs alternative statsbudsjett har ei heilt anna prioritering av kommuneøkonomien. Hadde det vorte vedteke, ville Bergen ha fått løyvd 189.755.000 meir i frie inntekter. Skulehelsetenesta hadde vorte styrka med 20 millionar i øyremerkte midlar, aktivitetsstøtte for barnefamiliar med 5 millionar og barnevern med 15 millionar. SVs statsbudsjett er saldert med 4 færre milliardar oljekroner enn regjeringa sitt –og er altså definitivt av dene (nøkterne) verda. Dei frie midlane kunne ha vore nytta til trengjande oppgåver , jamvel til å ha redusert eigedomsskatten for dei som ville ha ynskt det!

Folkestyre og nærdemokrati!

Folkestyret er under press. Gjennom EØS-avtalen avgjev Noreg suverenitet på alle nivå heile tida, også for kommunane. Gjennom anbod og konkurranseutsetjing (privatisering) vert stadig meir av demokratiets innhald sett ut til armlengdes fråstand frå folkestyret. Kvalitet i tenester vert i verste fall definert som forretningsløyndommar. Kommunale foretak og AS tek gjer bystyreansvar til politisk revisjon og kontroll, slik også ein av berebjelkane i den kommunale parlamentarismen er det. Bergen tevlar no med Tromsø om å vera Noregs mest sentralstyrte kommune. Parlamentarismen er ei styringsform som sentraliserer makt, og parlamentarisme utan bydelsdemokrati set demokratiet i Bergen i klemme. Debatten om kommunestruktur kunne ha vore ein demokratidebatt, men handlar om kommunestorleik og om Bergen skal vera eige fylke att.

SV meiner det trengst ein lokalpolitisk snuoperasjon ved at Bergen neste periode må gå inn for ein fornya formannskapsmodell, for eit godt utbygd lokaldemokrati og for å gjera slutt på konkurranseutsetjing og privatisering. Parlamentarismen er dyr, utan at kostnadene på noko vis kjem lokaldemokratiet til gode.

Demokratisering og deltakardemokrati; det er det det handlar om. Inspirert av Ungdommens bystyre sitt forslag om betre demokratiundervisning, føreslår SV å styrkja samfunnsfaga med vekt på aktiv demokratisk deltaking. Kort og godt ei satsing på demokratisk danning.

Og det er ein høveleg slutt på SVs budsjettinnleiing.

 

Les heile budsjettet her: SVs_alternative_byb_220016a