Utlysing mellombels stilling gruppesekretær

Publisert: 2014-10-13 09:10
Del:

Bystyregruppa i Bergen SV har ledig mellombels stilling som gruppesekretær frå 1. januar til 30. september 2015, med mogleg høve til forlenging.

Gruppesekretæren må kjenna og støtta opp om SVs politikk både lokalt og nasjonalt. Vi treng ein person som har god kjennskap til  parlamentarisk arbeid og som kan jobba både med langsiktig og kortsiktig perspektiv. Gruppesekretæren må ha god skriftleg framstillingsevne og meistra både protokollskriving og saksutgreiingsarbeid – og kunna gjera overordna program til praktisk bystyrepolitikk . Det krevst gode samarbeidsevner og engasjement for SV.

Løn etter Landsoverenskomsten mellom HK og AAF. Arbeidsstad er Bergen Rådhus med gruppeleiar som dagleg arbeidsgjevar.

Søknadsfrist: 20. oktober.

Opplysningar om stillinga: gruppeleiar Oddny Miljeteig, tlf. 91 61 34 71. Søknad vert å senda på epost til: soknad@bergensv.no