Poteta til å æra og elska

Publisert: 2017-11-08 09:50
Del:
Det er berre til å tilstå det: Eg elskar poteta. Det er visst ikkje på moten eller «in» å vera s vilkårslaust glad i poteta, men det får ikkje hjelpa. Eg kunne ha ete poteta til alle måltid – utanom frukost, trur eg.

Poteto er Kari og Olas beste ven, om vi ser historisk på det. «Kva skal vi ha attåt potetene til middag i dag?» spurde konene seg sjølve og kvarandre berre for få år sidan – og kanskje somme framleis i dag. I vår heim ristar dei vaksne ungane anten overberande eller oppgjevne på hovudet når mora og faren for n-te dag på rad serverer «potet-middag.» Altså, vi kan eta pasta og paiar og slikt innimellom, men då vil helst mor i huset ha eit poteta eller to att frå dagen før som kan etast til kvelds. Du kan seia at eg kunne vera potetbøndene sin fremste reklame: «Elsk – og et – minst fire poteter i dag!» Med beste helsing spaltisto. Ja, for meg nyttar det ikkje berre med ei lita poteta til middagen, som du skjønar. Og eg bryr meg aldeles ikkje om fasong og ukurante storleikar på potetene. Poteta er poteta – og slik sett til å elska og æra.

Noreg er sjølvforsynt med poteter. Likevel importerte vi 60.000 tonn i fjor. I år, les eg på nrk.no, må berre ein potetbonde, Lars Erik Nymoen i Åsnes i Solør, grava ned 100 tonn matpoteter. Kvifor? Avdi ikkje potetene ikkje er «pene nok, eller ikke har «riktig» størrelse», seier Nymoen. Det er heilt borti hampen. Kor jålete skal vi her på berget tillata oss å vera når det gjeld mat? No skal det seiast at poteta er ein av dei viktigaste grønsakene både i Europa og Amerika. Og potetstappe med ekte smør i, det gjer då eitkvart måltid til eit herremåltid? Potetbåtar synest til og med den yngre garde er direkte godt. Pommes frites, «påmm fri» som det heiter i fornorska munnleg, det er i alle fall populært. Og no til dags får vi jammen svært gode slike, sprø og ikkje gjennomtrekte av feitt, på mange gatehjørne.

Eg meiner, etter tallause prøvingar, at dei beste pommes frites-ane eg har smaka, dei kjøpte vi på «Rodin» i Etne då eg gjekk på ungdomsskulen, med ketchup, majones og litt salt på. I slike avlange, kvite pappbeger. Så eg vil framleis helst ha majones på «chips»-en, som vi sa den gongen. Elles er det berre til å tilstå: Eg likar chips svært godt også, eg. Diverre er eg komen i ein alder når chipsen hoppar direkte frå posen og til sidebeina og hoftene – utan at eg så mykje som smakar på han, eingong.......Merkelege greier. Men sikkert som amen i kyrkja.

Poteta har ei ærerik historie. Den har berga Ola og Kari gjennom det som elles ville ha vore hungersnaud – i fleire omgangar. Den som hadde ein stor nok åkerlapp til potetforsyning – og så fjord med nok fisk i, den svalt ikkje. «Sild og poteter» har sett svolten i kvitauga så mang ein gong – og vunne.

I Andesfjella i Peru og Chile veks poteta vilt, og det var derifrå spanjolane førte poteta med seg til Europa. Til Noreg kom poteta på 1700-talet. Inkaane tilbad poteta som ein gud – sidan det var den einaste veksten dei kunne dyrka så høgt til fjells. I Europa var folk skeptiske til nye-arten. Somme meinte den var giftig, andre forkasta poteta som smaklaus. Andre igjen meinte at ei plante som ikkje var nemnd i Bibelen og som i hovudsak vaks under jorda, den måtte vera skapt av den vonde sjølv. Det måtte «potetprestar» til for at poteta skulle få utbreiing og med det berga både liv og helse for mange. Den fyrste kjende dokumentasjonen på dyrking av potet i Noreg, er på Hove gård på Tromøy i 1757. I 1773 vart det sett 5015 poteter på garden. Den markante folkeauken sist på 1700-talet i Noreg skuldast for ein stor del poteta, som gav stabile avlingar og hadde høgt energi- og næringsinnhald.

Poteta er rik på tradisjonar. Komle/raspeball/klubb/kompe har endå langt fleire namn og dankar ut den sunnmørske svele-imperialismen så det syng etter. I vår heim er det mannen min sin sør-helgelandse variant som er vinnaren: Komle med steikt bacon, steikefeitt og sirup. Eitt måltid held til kvelds, og det er knapt ein er svolten til frukost neste dag. Poteta sjølv heiter vel framleis (jord)eple somme stader på Jæren. Potetkaker (lomper) var noko av det beste ungane visste då dei var små - og tante Haldri kom til Bergen og laga. Då stod dei i kø bak henne og venta på neste gloheite potetkake– med smør og sirup på.

Av dei 60.000 tonna med poteter vi importerte i 2016, kom mestedelen frå Danmark, Frankrike, Israel og Storbritannia. Norgesgruppen selde 13% importerte poteter, Rema 1000 20% og Coop 19% (2015).

Visste du forresten at norske poteter, i motsetnad til utanlandske, vert sprøytte berre på potetriset over jorda og ikkje på sjølve potetene? Norske bønder brukar ikkje sprøytemiddel for å få potetene til å sjå finare ut. Poteta skulle då ikkje trengja sminke? I importerte poteter finst det restar av sprøytemiddel. Ja, det gjer det vel, når det vert sprøytt direkte på knollane!

I by-landbruket, ja, vi kan kalla det så, vert poteter sette i kartongar og bøtter og kassar – og gjev mangfald att. Det er stas med det heimeavla, og det er mon i det, same kor lite det er! Mange små grøne lommer innan bygrensene kunne då ha vore nytta til hobby-potetdyrking, evt. i lag med bærbuskar?

Uansett: Poteta er ein svært god ven. Eg tenkjer med godhug på poteta, og eg kjenner at poteta, den vil eg elska og æra både middag og kveld, kvar einaste dag!

Oddny I. Miljeteig