Ny retning for Bergen – SVs fremste krav for skiftet som må koma ved nytt fleirtal

Bergen treng eit politisk skifte: Eit skifte for ein rettferdig, grøn og solidarisk by med likeverd, likestilling og respekt for innbyggjarane. Bergen treng eit politisk skifte vekk frå økonomisk kaos og politisk forskjellsbehandling. Bergen treng eit nytt politisk fleirtal som tek tilsette, tilsette sine organisasjonar og brukarorganisasjonane på alvor. Bergen treng eit politisk fleirtal som fjernar formynderske holdningar overfor innbyggjarar som treng tenester frå kommunen, det vere seg omsorgstrengjande eldre, menneske med funksjonsnedsetjingar eller fattige.

SV vil kjempa hardt for at Bergen skal få eit nytt politisk fleirtal som vi vil vera ein del av. Men SVs mål er ikkje posisjonar, det er skifte av politikk som er vårt mål. Fram til valdagen vil vi gjera alt for å mobilisera alle i Bergen med hjartet til venstre for å byta ut det blåaste byrådet som nokon gong har styrt Bergen. SV lovar at kvar røyst vi får, er ein garanti for nytt byråd med ny politikk for dei neste fire åra.

Her er våre minstekrav til ei ny retning for Bergen:
  1. Full privatiseringsstans
    Frå dag ein må vi byrja eit planmessig arbeid med å ta kommersialiserte tenester og tiltak tilbake til kommunal regi og drift, avtale for avtale. Bestillar-leverandør-modellen må skrotast som organisering av kommunale tenester. Heilskapeleg planlegging må koma i staden. Ikkje praktisera svekkingane av Arbeidsmiljølova.
  2. Eigne tilsette – nei til vikarbyrå
    Fleire lærarar på skulane og fleire tilsette innan omsorg og helse, til dømes etter modell av Bergan sjukeheim i Kristiansund (auka grunnbemanning gav mindre sjukefråver og førte ikkje til auka kostnader). Bergen kommune må innføra ei tillitsreform slik at dei tilsette får fridom til å utøva sitt faglege skjøn , som København gjer det. Heile, faste stillingar må setjast i staden for deltid og bruk av kommersielle vikar-/bemanningsbyrå.
  3. Bybane til Åsane
    Bybanen må byggjast i open trase langs Bryggen til Åsane, slik at Bryggen kan verta bilfri.
  4. Openheit og meir offentlegheit
    Byrådet skal praktisera opne og gjennomsiktige prosessar, slik at innbyggjarane veit kva som skjer og får høve til å delta og påverka. Endringane i offentleglova som legg opp til meir hemmeleghald i kommunen skal ikkje nyttast i Bergen.
  5. Ein by med hjartet på rette staden
    Dei usosiale kutta høgresida har gjennomført må rettast opp steg for steg i respekt og til tryggleik og verdigheit for utsette medborgarar.
  6. Omsorg og verdighet ved livets slutt
    Tillit, fagleg skjøn og verdighet skal kjenneteikna pleie- og omsorgstenesta i Bergen. Fleire tilsette skal og sikra ein verdig utgang av livet. Ingen pasientar skal vera åleine ved livets slutt.
Fleire hjartesaker