Kvinner for vår dag

Publisert: 2017-03-08 11:00
Del:

Hjarteleg til lukke med dagen! Det er 8. mars. Sjølvaste kvinnedagen. Dagen då den internasjonale kvinnerørsla heiser flagg, faner og parolar og set kvarandre stemne i bygd og by – over heile verda. 107 år er det sidan Clara Zetkin fekk innstifta dagen på den sosialistiske internasjonale kvinnekongressen i København. Eg skal ta på meg raude strømper og ny hue, hengja på meg kvinnemerket og gå ut i Bergens torg og gater, saman med hundrevis og tusenvis av andre.

Kvinnekampen er komen for å bli. Eg trur det alltid vil vera nødvendig med kvinnekamp. Til kvardags høyrest ordet militant ut. Men vi må hugsa at når kvinner erobrar nytt land, då er kampen dramatisk.Anten det er i dag, for hundre eller to hundre år sidan, møter pionerkvinnene trugsmål, trakassering og utstøyting. Pankhurstsystrerne i England vart fengsla. Til dømes.

Eg har mange kvinne-helter. Og ja: No tek eg meg til rettes og bøyer ordet slik: ei helte, helta, helter, heltene. Det er ikkje bokmål. Det er kvinnemål. Og heltene eg skal skriva om, er to av den moderne kvinnekampens helter: Shilan Shorsh og Amal Aden.

«Här är en sång til modet Hos dom som vågar se Som inte låtar tysta sej men säger som det er»

Mikael Wiehe kunne godt ha skrive desse linene til Shilan Shorsh og Amal Aden. Deira fremste kjenneteikn er at dei seier det som det er og ikkje let seg tystna.

Shilan Shorsh frå Bergen døydde i 2013, berre 39 år gammal. Eit halvt kvinneliv, men eit heilt kvinnelivsverk let ho etter seg. Shilan skipa Selvstendig Demokratisk Kurdisk Kvinneforening og dreiv den i fleire år. Ho la ned eit nesten ufatteleg arbeid i kampen for især kurdiske kvinners frigjering, det vere seg i Bergen, Kurdistan – over heile verda. Shilan kjempa mot æreskultur og for den einskilde kvinnes rett til å råda over eige liv – og ho kjempa for alle kvinners frigjering. Ho hjelpte mange einskildkvinner til å ta styringa over eige liv. Ho trassa alt som fanst av konvensjonar og tradisjonar om korleis ei kvinne frå Kurdistan skulle te seg og kle seg. Shilan kjempa for frigjering, ikkje som eit teoretisk og diffust omgrep, men for at jenter og kvinner skulle vera frie og ikkje kuast. Det patriarkatet Shilan kjempa imot, det var heller ikkje eit teoretisk omgrep, det viste seg som eit høgst levande patriarkat som i form av menn åleine og i grupper truga og trakasserte henne. Shilan tyktest uovervinneleg, men kampen tok på.

I gravferda til Shilan 31. mai 2013 sa eg mellom anna fylgjande: « Shilan: Shilan som alltid sa det som det er – fordi, som du sa det, i kampen mot undertrykking må «sannheten alltid komme frem.» Shilan sa sannheten –med utestemme, megafonstemme, sannheten utan omskriving. Du ville ikkje la deg by noko mindre enn frihet,ekte frihet, ikkje eit støvfnugg mindre enn frihet – frihet for kvinner i sær, alle kvinner, i Bergen, Norge, Kurdistan. Frihet var ditt livs prosjekt, kampen for frihet ditt livs kamp.» «Du sterke Shilan som trassa di eiga frykt i kampen for rettferd og rett. Menneskerettsaktivisten Shilan. Politikaren Shilan. Framfor alt: frihetsforkjemparen Shilan. Det går mang ei kvinne og ser seg friare ikring for di skuld, Shilan. Det er mange av oss som vil kjempa hardare for alle kvinners frigjering for di skuld. Ditt våpen var ordet – ord til opplysning og sanning – og organisering. Dei er demokratiets våpen.»

Shilan var og er ei leiestjerne. For meg og mange andre. For kvar ny kvinne som står opp i det offentlege for kvinners fridom, ja, så blømer det ein ny blom i Shilans fotefar. Ein fridomsblom.Vi treng dei sterke kvinnene. Dei kompromisslause. Dei som vågar å gå føre. Dei som tek kostnaden ved det, den som vi andre slepp nett fordi dei går fram som ein plog gjennom asfalten. Amal Aden er Noregs kanskje fremste forkjempar for kvinners sjølvstende og frigjering. Jo, eg vågar å seia det. Heile Noreg kan namnet hennar. Ho kompromissar ikkje med fridomskampen. Ho kompromissar heller ikkje med sanninga. Ho har motteke prisar for arbeidet sitt. Og fleire kjem ho til å fål. Det er eg viss på. Seier du Emma Goldmann eller Rosa Luxemburg, som også er mine helter, så svarar eg no i 2017: Amal Aden! Med ropeteikn. Sjølv om det på ein måte ikkje trengst. For Amal Aden er eit ropeteikn i seg sjølv, mot æreskultur, for fridom og frigjering. Æreskulturen bleiknar litt meir for kvar gong Amal Aden opnar munnen. Ho skulle ha vore hylla kvar dag – i det offentlege rom. I staden møter ho så mange trugsmål og så mykje trakassering at ho knapt kan føta seg utom døra utan at politiet vaktar henne. Ja, for Amal Aden er patriarkatet høgst levande – og trugande. Ho kan altså ikkje bevega seg fritt. Det er for farleg. Ho har vorte angripen på open gate, spytta på, utskjelt. Av kvinner også. Ja, for når patriarkatet er nådelaust sterkt, lever kvinner også i det – vi kan gjerne seia hjernevaska. Det er ikkje noko særeige for kvinneundertrykking og kvinnekamp. Dei herskandes tankar er dei herskande tankar – sa sjølvaste Karl Marx.

Eg veit at Amal Aden jamt har kjent seg åleine i kampen og at ho ikkje har fått og får den støtta ho treng frå slike som meg på venstresida av politikken – og i kvinnerørsla. Eg har grunda på kvifor vi ikkje har fått det til betre. For eg er ikkje redd for å trø eit patriarkat på tærne, uansett opphav. Kvinnerørsla skal alltid trø patriarkatet på tærne. Hardt. All slags patriarkat. Kvinner i Noreg skal ikkje leva underordna mannen, uansett om dei eller foreldra deira kjem frå Bergen, Hønefoss, Somalia eller Kurdistan. For kvinners rettar eg også menneskerettar. Alltid – og over alt. Det gjeld kvinner i stort, og det gjeld kvinner som einskildindivid. Ane Stø i kvinnegruppa Ottar sa det nett slik i Dagbladet: «Amal Aden tilhører en lang feministisk tradisjon som utfordrer patriarkatets undertrykking av kvinner. Aden og andre minoritetskvinner som bekjemper æreskultur er en del av kvinnebevegelsen, og vår felles kamp.» Nemleg.

Så til lukke med kvinnefrigjeringsdagen, Amal Aden – og alle andre. Somme gjer kvinnedagen ekstra stor. Det gjer du Amal. Og det gjorde Shilan. Difor heidrar eg dykk to ekstra i dag – på 8. mars.

Oddny I. Miljeteig